MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Ny styreleiar i Hardanger

Publisert: 05/16/2012 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2012051610540440012359

Einar Steensnæs tek over Hardanger Musikkfest


Einar Steensnæs tek over som ny styreleiar i Hardanger Musikkfest etter Åse Kleveland.

Kleveland har vore styreleiar sidan 2004, men er no valt til ny styreleiar for Festspela i Bergen. Hardanger Musikkfest , som går av stabelen i pinsehelga, er den største og viktigaste årlege kulturhendinga i Hardanger, heiter det i ei pressemelding.

- Kombinasjonen av storslått natur, musikalske meisterverk framført av kunstnarar på nasjonalt og internasjonalt toppnivå, og ikkje minst levande historiske tradisjonar - alt dette gjer Hardanger Musikkfest til ein eineståande musikalsk og kunstnarleg oppleving. Eg gler meg til å få væra med på å utvikla denne musikkfesten vidare, seier Steensnæs.

Forutan Steensnæs er disse med i det nye styret: Ordførar Solfrid Borge, Ullensvang, Adm.dir Hans Petter Westfal-Larsen, Bergen, Rådmann Tone Tveito Eidnes, Ullensvang og Toralv Mikkelsen, Odda.
 

Relaterte bedrifter:

Hardanger Musikkfest (Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\Mai)

Relaterte artikler:

16.05.2012 Egnersommer

15.05.2012 Grunnlovsmarsj

15.05.2012 Galás med KORK

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no