MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no
Cubanskfødte Louisón Medina Capote er med på årets Latinfestival i Trondheim.
Foto: presse



Håp om nye takter

Publisert: 02/24/2012 av Olav Opsvik

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2012022409294246337834

Dei siste åra har det gått nedover med Latinfestivalen i Trondheim. Med eit nytt styre håper kunstnarleg leiar Bjørnar Søreng no på betre tider.


Denne helga fyller Latinfestivalen i Trondheim femten år, etter både oppturar og nedturar. Dei siste par-tre åra har det vore mindre og mindre oppslutning rundt festivalen, og i fjor valgte det sitjande styret å tre av.

Bjørnar Søreng er kunstnarleg leiar i den nye organisasjonen bak festivalen. Han var også med å starte den aller første festivalen i 1998.

-Den gangen eksploderte det fullstendig, og vi solgte ut den gamle jazzklubben i Olavskvartalet utan problem. Etter det var det mange gode år for festivalen, fortel Søreng.


Følg Ballade på Facebook


Viktig med nettverk
Men i det siste har det altså gått nedover. Søreng forklarar at det er essensielt for styret å ha brei kontakt med både musikarmiljøet og det latinamerikanske innvandramiljøet i byen.

-I det nye styret har vi mellom anna med Ernst Wiggo Sandbakk og Knut Fagerbakke, som også jobbar i Jazzfest.

Vidare har den nye produsenten for festivalen, Patricia Princess Søreng, bakgrunn frå Haiti, og god kontakt med det latinamerikanske miljøet i Trondheim.

-I tillegg til vanlege kanalar som sosiale medier, aviser og plakatar er kontakta med dette miljøet svært viktig for å nå ut til vårt publikum, fortel Søreng.


Virtuell kulturturisme
Det er fleire internasjonale navn på plakaten i år.

Musikkprofessor Kjell Oversand ved NTNU står bak eit av dei meir lokale: Trondheim World Music Ensemble. Dei har hatt eit samarbeidsprosjekt med bandet til den svært populære, nyleg avdøde musikaren Polo Montanez frå den Cubanske landsbygda.


Trondheim World Music Ensemble:



Oversand er einig i at kjerna av både publikum og musikarar kjem frå det latinamerikanske innvandrarmiljøet.

-Samtidig er nok dette ei moglegheit for ein del nordmenn til å drive med ein slags virtuell kulturturisme, eller å gjenoppleve tidlegare turistopplevingar. Den viktigaste funksjonen festivalen har er likevel at dei med latinamerikansk bakgrunn får gode liveopplevingar med 'sin' musikk, forklarer Oversand.

Oversand har trua på at det nye styret kan løfte festivalen vidare i åra som kjem.

-Apparatet rundt festivalen har tidlegare vore litt prega av mykje dugnad. Det kan vere slitsamt på sikt, seier han.


Les også: - Oslo er "nasjonal scene for sjangerblanding"


Avhengig av godt salg
Bjørnar Søreng håper på mykje publikum denne helga. Festivalen har brei støtte frå kommune, fylkeskommune, kulturrådet og fleire.

-Men likevel treng vi nok nokon hundre betalande begge kveldane for å få det til å gå rundt, fortel han.

Til trass for nokre dårlege år viser tidlegare erfaring at dette er mogleg.

-Det er eit godt og relativt stort miljø for dette i Noreg, med mange amatørmusikarar som har stor interesse for musikken og kulturen. I tillegg har vi jo dansekursa, held han fram.

Kjell Oversand meiner nordmenn har mykje å lære av den latinske kulturen.

-I denne kulturen er det ikkje eit like skarpt skilje mellom livemusikk og bruksmusikk, seier han. Her går dans, deltaking, allsang saman med improvisasjon og musikkprestasjonar på høgt nivå, held han fram.

Den 15. Latinfestivalen i Trondheim startar fredag 24. februar med headlinarar som Matt Bianco (UK), Latini (Brasil) og India – La Princesa de la Salsa (Puerto Rico/New York)
 

Relaterte bedrifter:

Latinfestivalen i Trondheim (Festivaler\Mars)

Relaterte begivenheter:

24.02.2012 Latinfestivalen i Trondheim 2012

Relaterte artikler:

23.02.2012 Punkterer myter

20.02.2012 - Systemet har brutt sammen

20.02.2012 Om CDens død

14.02.2012 Travle dager for KORK

13.02.2012 25 år med musikkeksport

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no