Holder det med teori? Illustrasjonsfoto.

Meir enn veslebror

INNLEGG: Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt for Institutt for Musikkvitskap, skriver Guro H. Bjørnstad.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Dette innlegget følger opp debatten om den økonomiske situasjonen på Institutt for Musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo. Teksten ble først publisert i Universitas, red. anm.

I 2005 sa dåverande professor i musikkvitskap Jon Roar Bjørkvold opp sitt professorat ved Universitetet i Oslo i protest. Han meinte at det han kallar «det musiske i mennesket» forsvann i «stramme tal, autoritær kontroll og økonomisk trangsyn», som han sjølv skriv på nettsida si. Ting har openbart ikkje forandra seg sidan 2005.


Er det eit stort tap?
Professorar ved Institutt for musikkvitskap (IMV) ved Universitetet i Oslo kritiserte Humanistisk fakultet (HF) i to kronikkar, ein i Aftenposten og ein i Morgenbladet.

Professorane meiner at HF tvinger IMV til å legga ned den praktiske delen av studiet, slik at studiet vert reint teoretisk. HF meiner dei ikkje legg føringar på korleis musikkvitskapsstudiet vert lagt opp, men krev at instituttet må gjennomføra kutt på 25,5 millionar kroner frå 2010 til 2016. Kronikkforfattarane meiner at slike økonomiske kutt fører til at kutt i den praktiske delen av utdanninga er naudsynt. Men er dette eit så stort tap som professorane meiner?


Les også: Harde kutt for Musikkvitenskap


For mange musikkutdanningar
Det kjem ytringar frå fleire kantar om at det blir utdanna for mange musikarar i Noreg i høve til arbeidsmarknaden. Petter Wettre, saksofonist, komponist og undervisar ved den rytmiske musikklina på Universitetet i Agder (UiA) uttalte nyleg til NRK Kulturnytt at han meiner det eksisterer for mange musikkutdanningar i Noreg, og at det vert utdanna for mange jazzmusikarar i forhold til antal eksisterande jobbar. Han meiner at det er betre med færre utdanningar, og å heller ha fokus på å få eit høgare nivå på dei som vert utdanna.

Teori vert underbygd av praksis, og det viser seg at som student lærer ein ofte mykje av den praktiske delen innanfor studiet og ikkje berre det å sitta med hovudet i ei bok. Men det at musikkutdanningar vert tvungne til å tenkja annleis, treng ikkje kun vera negativt. Petter Wettre meiner det blir utdanna for mange musikarar, og det har han rett i.

På musikkvitskap sine nettsider vert nye studentar lokka med instrumentalundervisning og samspelgrupper, og nettsidene seier at jobbmogelegheitene etter endt studie er mange. Inkludert jobb som musikar.

På denne måten framstår Institutt for musikkvitskap ofte som musikkhøgskulen sin «veslebror»; dei som ikkje kjem inn på musikkhøgskulen byrjar på musikkvitskap.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Ikkje veslebror
Det er på høg tid at musikkvitskap framstår som stolte av den vitskapelege styrka utdanninga har, ved at det nettopp er det største musikkvitskapelege miljøet i Norden med mange internasjonalt kjende lærekrefter – ikkje som musikkhøgskulen sin veslebror. Noko av grunnen til at musikkvitskap vert nedprioritert kan vera akkurat det at dei kjemper om å behalda denne praksisen, som hjå mange kan oppfattast som unyttig på grunn av at det allereie vert utdanna nok musikarar til musikarjobbane.

Sjølvsagt er praksis ein viktig del av musikkutdanning både for pedagogar og lærarar, men utdanning av utøvande musikarar er det allereie andre institusjonar som tar seg av.

Guro H. Bjørnstad er journalist i Universitas og har en bachelorgrad fra Institutt for musikkvitenskap

Del artikkelen på:
                  |     Mer
Holder det med teori? Illustrasjonsfoto.

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!


Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til

Siste fra forsiden

Marianne Sveen (Foto: Linn Carin Dirdal)

Skriver på fonetikk og overtoner

– Uten at man tenker over det bevisst, så tror jeg det er overtonene som inviterer til ulike melodier, sier Marianne Sveen. Ballade møtte artisten og komponisten til en prat om det å skrive musikk.Les mer om dette

F.v. Helene Myklemyr Bolstad (nestleiar), Per Øyvind Tveiten (leiar) og Mari Skeie Ljones (nestleiar) i FolkOrg
 (Foto: Knut Aastad Bråten)

Unyanserte påstander

INNLEGG: I programmet Vårt lille land på TV2 sist søndag fremstiller Gerhard Helskog folkemusikken som et pengesluk, og stiller spørsmål om tilskuddene bidrar til å stagnere utviklingen. Fremstillingen er både feil og unyansert, mener FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedansLes mer om dette

Caroline Ailin (Foto: Presse)

Kunsten å forstå en artist

Låtskriver Caroline Ailin gjør kommersiell karriere i London. Snart går turen også til USA. - Det handler om å finne balansen mellom det ingen andre har gjort og noe som appellerer, sier hun.Les mer om dette



Ballade · Kongens gate 24 , 0153 Oslo
  Redaktør Ida Habbestad · ida@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten