Peter Herresthal
Foto: Morten Krogvold

- Masterstudiet stiller krav om sjølvstende

Orkesteret som framtidig arbeidsplass, og internasjonale ambisjonar kan vera årsaker til at masterstudentar spelar lite norsk, meiner faglærarar ved NMH.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Diplom- og mastergradsstudentane på det klassiske utøvarstudiet ved Noregs musikkhøgskole framfører få norske komposisjonar ved konsertane sine. I ei grovteljing av konsertane deira i 2010 fann Ballade 370 framførte verk, 28 av desse var norske (sjå oversikt over talmaterialet her).

Hilde Ringlund og Peter Herresthal, som begge er faglærarar ved NMH, er samde i at 28 verk er lite. Men dei meiner òg at tala har naturlege forklaringar.

- Eg trur det obligatoriske repertoaret ved prøvespel i orkestra har mykje å seia. Hadde norske orkestrer hatt eit obligatorisk norsk stykke, hadde alle spelt norsk, seier Peter Herresthal, professor i fiolin ved NMH.


Les også: Låg norskandel ved Musikkhøgskolen


Interessa går i bølgjer
Herresthal har inntrykk av at stadig fleire masterstudentar fordjupar seg i samtidsrepertoar, med fokus på norsk musikk. Somme av dei som arbeider med kammermusikken ser òg til det norske. Likevel trur han dei fleste studentane ynskjer seg ei verksemd som solist eller orkestermusikar, og dette er avgjerande for repertoarvalet.

- Derfor trur eg nok at utøvarar som ikkje spelar typiske orkesterinstrument – som vokalistar og pianistar – oftare finn fram til det norske, seier han.

I tillegg trur han at studentane si interesse for ulike repertoar er i endring.

- Eg trur ein, som på andre kunstnarlege felt, vil sjå at studentane si interesse går i bølgjer. Då eg sjølv studerte var mange av oss opptekne av Brahms og det romantiske repertoaret, me framførte gjerne Grieg. I dag er ein meir interesserte i musikken frå tidleg 19-hundretal. Ein elskar å spela Prokofiev og Sjostakovitsj. Elevane har god forståing for denne musikken, og framfører den verkeleg neoklassisk. Kanskje har me ikkje nokon ekvivalent norsk komponist til den perioden.


Ringverknader
Herresthal viser til utlandet, der det er annleis.

- Eg har undervist ein del i Sverige, og der er stoda nokså lik den norske: elevane spelar lite svensk musikk. Men eg har òg vore mykje i England, der fokuset er eit anna. Rett nok har dei fleire komponistar å ta av, men lojaliteten til komponistane gjer at det vert framført mykje repertoar me aldri høyrer her.

- Eg har tru på dette fokuset på enkelte komponistar og stykke. Under Menhuin-konkurransen var Nordheim sitt ”Partita” obligatorisk. Då eg underviste i England førre veke, kom ein student til meg med dette stykket. Ho visste ikkje at det hadde vore obligatorisk i Noreg, men det hadde nådd henne gjennom ein lærar som hadde opplevd det grunna konkurransen. Slik kan ein altså få god spreiing på godt repertoar.

- Det du seier kan tyda på at det kan vera viktig med føringar ovanfrå?

- Faglærarane har eit klårt ansvar for å gjera elevane kjende med repertoaret. Og eg trur at ein på NMH er komne ganske langt med dette, gjennom forskinga på norsk musikk. Samstundes må ein respektera at elevane nyttar masterstudiet til arbeid med teknikk, orkesterutdrag og prøvespelsstykke. Musikalsk breidde vert det nok ikkje, med det kan vera viktig for framtida deira.


Krevjande rød tråd
Også Hilde Ringlund som er leiar ved fagseksjonen for klaver, akkompagnement og gitar, ser fleire årsaker til at studentane ikkje spelar meir norsk.

- Etter kvalitetsreforma vart det stilt krav om at masterstudentane sitt arbeid skulle vera sjølvstendig og nyskapande. Dette betyr at studentane skal finna eit repertoar som ikkje er for mykje spelt. Samstundes skal det vera ein rød tråd bak vala deira – ein samanheng i det dei gjer. Dette er krevjande, og eg meiner det i somme tilfelle kan føra studentane inn mot samanhengar der det ikkje er så naturleg å ta inn norske verk.

I likskap med Herresthal viser ho til at det norske repertoaret er størst for vokalistar og pianistar, og ho trur enkelte instrumentalistar ikkje spelar norsk av di tilfanget er for lite.

- Slik eg kjenner det, har ein ikkje innan alle instrumentgrupper overveldande mykje å velja mellom om ein er på jakt etter eit verkeleg godt norsk program, seier ho.


Faglæraren er viktig
Vidare har faglæraren mykje å seia for studentane si interessa for det norske, meier Ringlund.

- Somme av hovudinstrumentlærarane har vore svært aktive i framføringa av norsk musikk. Sjansen for at dei gjev desse komposisjonane vidare til studentane sine er stor. Og eg vil seia at ein ved NMH har vore relativt flinke til å ha merksemd kring det norske og det nordiske. Til dømes hadde me for nokre år sidan ein kollegakonsertserie med titlar som ”Beethoven møter Norden”, ”Brahms møter Norden” og så bortetter. Det lærarane speler er eit viktig incitament for kva studentane oppdagar.

- Burde faglærarar bli pålagt eit større ansvar for det norske – eller bør studentane i masterstudiet uansett få stå heilt fritt?

- Faglærarane har ansvar for å gjera merksam på kva som finst av aktuelt norsk repertoar. Og NMH har overordna eit like stort ansvar for å ivareta dette som dei norske orkestra og NRK. Alle desse stadene finn ein vel at tilbodet ikkje er tilfredsstillande. Samstundes er det gode tiltak. Denne helga hadde vokalseksjonen ved NMH ein konsert på Nasjonalbiblioteket, med norske kvinnelege komponistar i fokus. Slike prosjekt trur eg er gunstige for å vekkja studentane si merksemd.

- Bachelorstudia stiller krav om norsk musikk på repertoarlista. På masterstudiet stiller ein krav om stor grad av sjølvstende. Så eg trur eg ikkje på å leggja sterke føringar her på studentar og lærarar. Då bør me heller sjå på innhaldet i fagtilbodet, kva me kan gjera for at elevane og lærarane får kjennskap til den norske musikken.


Internasjonale ambisjonar
Ei siste utfordring er internasjonaliseringa i utdanningssystemet, påpeikar Ringlund. Skulen har ei aukande meng utanlandske masterstudentar som ikkje har noko naturleg forhold til norsk musikk, og som må motiverast ekstra om dei skal finna interesse for det norske. I tillegg har NMH internasjonale ambisjonar.

- Eit viktig mål for skulen er at den skal vera internasjonalt toneangjevande. For å måla seg internasjonalt, må ein gjera seg gjeldande i eit internasjonalt repertoar. I tillegg ynskjer me å invitera gjestelærarar frå utlandet. Desse kjenner ikkje den norske musikken så godt. Det er ikkje naturleg for studentane å førebu norsk musikk i arbeidet med desse lærarane.

- Desse ambisjonane bør sjølvsagt ikkje stå i vegen for det å ta vare på norsk musikk. Men det syner at NMH har mange mandat. Dermed kan ein ikkje berre satsa isolert på eitt område om gangen. Ein må forsøka å ta omsyn til fleire område på same tid, seier Ringlund.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!


Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til

Siste fra forsiden

Marianne Sveen (Foto: Linn Carin Dirdal)

Skriver på fonetikk og overtoner

– Uten at man tenker over det bevisst, så tror jeg det er overtonene som inviterer til ulike melodier, sier Marianne Sveen. Ballade møtte artisten og komponisten til en prat om det å skrive musikk.Les mer om dette

F.v. Helene Myklemyr Bolstad (nestleiar), Per Øyvind Tveiten (leiar) og Mari Skeie Ljones (nestleiar) i FolkOrg
 (Foto: Knut Aastad Bråten)

Unyanserte påstander

INNLEGG: I programmet Vårt lille land på TV2 sist søndag fremstiller Gerhard Helskog folkemusikken som et pengesluk, og stiller spørsmål om tilskuddene bidrar til å stagnere utviklingen. Fremstillingen er både feil og unyansert, mener FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedansLes mer om dette

Caroline Ailin (Foto: Presse)

Kunsten å forstå en artist

Låtskriver Caroline Ailin gjør kommersiell karriere i London. Snart går turen også til USA. - Det handler om å finne balansen mellom det ingen andre har gjort og noe som appellerer, sier hun.Les mer om dette




Siste om kunstmusikk

04.04.2014

Kirkestemmer


Ballade · Kongens gate 24 , 0153 Oslo
  Redaktør Ida Habbestad · ida@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten