Ny musikk med ny konsertserie

Kunstnarleg leiar i Ny Musikk, Øyvind Torvund, meiner at det hender mykje spanande på det eksperimentelle musikkfeltet, men at det finst for få møteplassar for utøvarar av ulike uttrykk.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Øyvind Torvund 2007 - 4 (Foto: Stian Andersen)

Av Ida Habbestad

Med denne problemstillinga som utgangspunkt, set Ny Musikk igong ein ny konsertserie der ei rekkje ulike uttrykk vert presentert på same kveld.

- Poenget er å få samanstilt ulike tradisjonar og innfallsvinklar til korleis ein tenkjer musikk, seier Torvund om prosjektet.

Han trur det vil vera sunt for utviklinga av dei ulike uttrykka om miljøa har fleire møtepunkt.

- Særleg synest eg det er fint om improvisasjonsmiljøet og komposisjonsmiljøet kjem oftare saman. Det er vel også slik at ein del av den mest eksperimentelle musikken kan ha godt av avvekslingar mot meir tradisjonelle uttrykk.


Komponert konsert
Ideen om å setja saman kontrasterande uttrykk er ikkje ny. Torvund har røynsle som programmedarbeidar i Borealis (festival for ny musikk) der tankegangen om å programmera breidt har vore sentral. Vidare har han vore fascinert publikummar ved liknande konsertserier i Berlin og Amsterdam.

Også her i Oslo har me sett liknande prosjekt, dømevis med konsertserien (sic!). Men Torvund meiner behovet er større, og har sakna eit meir jamnleg, variert tilbod i byen.

Korleis programmerer du ein slik kveld?

- Eg tek utgangspunkt i ei blanding av innsende forslag og overordna idear om kva som kan vera fint saman. Eg tenkjer vel litt som ein komponist – ein arbeider jo med å setja saman ulike teksturar og materialtypar. Eg er klar over at det finst uttrykk som vil slå kvarandre ihel. Det forsøker eg å unngå; det skal ikkje berre vera kontrastar for kontrasten sin skuld. Men som komponist ynskjer eg gjerne å ha eit så stort utrrykksregister som mogleg.

- Uansett er spørsmålet om kva kriterie ein har for ein slik samansetjing interessant. For ein kvar konsert vil spørsmålet om kva som fungerer eller ikkje fungerer, vera ei subjektiv sak. Det er ikkje alltid mogleg å sitja og høyra seg gjennom nye ting på førehand – ein kan ikkje miksa seg til kva som høver bra saman og ikkje. Det er ein sjanse å ta, seier Torvund.


Chico Mello, komponist og utøvar ved konserten laurdag. Foto: D. Scharlau

Subtil samanheng
Ved det første arrangementet i serien blandast bossa nova-songar med modernistiske verk av Xenakis, Grisey og Stockhausen - somme av dei for Casio-keyboard. Ein mogleg tråd finn me i bossa nova-utøvaren Chico som òg er komponist, og som får verket "Bumbos" framført av perkusjonstrioen Pinquins.

Det er eit mål at konsertane vil inneha slike, meir eller mindre subtile samanhengar, fortel Torvund, som òg vonar det blir nokre overordna tråder mellom konsertane i serien.

- Eit poeng med å ha mange konsertar over tid, framfor til dømes å laga éin stor konsert med éin enkelt komponist, er at ein då får invitert den same komponisten fleire gonger. Det er ynskjeleg at Chico får møta norske musikarar, at me kan bestilla verk av han og at han kan arbeida med musikarane over tid, seier Torvund.

Som understrekar at det òg er viktig for han å løfta blikket

- Eg føler at eg såvidt har byrja leitinga med å finna fram til folk. Eg forsøkjer å gå utanom førstevala mine, for å få utvida min eigen horisont. Det er ei stor verd, men ein kan lett gå i ring, og det er freistande å setta opp konsertar med dei tre komponistane ein likar best.

- Målet mitt med denne konsertserien er at den ikkje krinsar om favorittane, men at den kan verta ein plass der ein ikkje nødvendigvis treng vita kva som er programmert, men kjem i vissa om at ein får med seg noko nytt og friskt, avsluttar Torvund.


Ny Musikks konsertserie:
Lørdag 7. november kl 20.00
Med Perkusjonstrioen Pinquins, Kerry Yong og Chico Mello.
Oversikt over programmet finn du her.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden

Elin Aamodt - halvfigur, farger (Foto: gramart.no)

Vil fjerne IFPI og FONO fra forhandlingsbordet

Artistene ønsker GRAMO som felles forhandlingspartner med NRK. Det vil ikke plateselskapene gå med på. Les mer om dette

illustrasjon mynt

Ingen utbetaling

GramArt og MFO forventer at uteblitt vederlag fra 2009 og 2010 snarest utbetales av IFPI-selskapene.Les mer om dette

Gisli (Foto: last.fm/music/Gisli)

Ofrer halvparten

Små norske forlag må gi fra seg halvparten av rettighetene for å kunne lansere artister utenlands.Les mer om dette

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · ballade@mic.no
Redaktør Espen A. Eik · espen@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten