Det viktige Norden?

Konsept og spørsmål plar stå i høgsetet for festivalen Happy Days. Ved samanslåinga med Nordiske musikkdagar, har dei kunstnarlege leiarane fått nordiske komponistar til å stilla spørsmål ved sine eigne kår og ved det nordiske felleskapet si rolle.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Nordisk luksus/Foto: Mona Ødegård

Av Ida Habbestad
Foto: Mona Ødegård

Under overskrifta ”Nordens aand” – og med undertitlane ”Avantgarden som luksusprodukt” og ”Kven er dei nordiske komponistane?” – inviterte Happy Nordic Music Days til paneldebatt i går.

Her møttest Aki Asgeirsson (IS), Catharina Backman (SE), Ivar Frounberg (DK), Olli Virtaperko (FI) og Rolf Wallin (NO) til samtale, alle med ferdig innøvde manus. Gjertrud Jynge stilte spørsmål og leia komponistane gjennom framføringane deira, alt innramma av Johan Selmer sin komposisjon ”Nordens Aand”.

Verket som vart framført på dei første Nordiske musikkdager i 1888 gav historisk perspektiv. Ikkje minst sidan det tydeleggjorde den gigantiske endringa i uttrykk og interesse hjå nordiske komponistar – då og no.

At nettopp ”Nordens aand” var utgangspunkt, og at den regisserte debatten vart framført som eit verk i verket, gav det heile forundringsverdig mange metaplan.

Kan henda som illustrasjon av det intellektuelle problemet; korleis kommunisera komplekse tankar på ein måte som berører?

Same kva kan debatten oppsummerast i fire hovudspørsmål:


Finst der ein kompositorisk felles nordisk ånd?
Panelet svarte eit tvilande ”nei”.

Enkelte komponistar forbandt adjektiv med omgrepet ”det nordiske”; som romantisk, melankolsk og nostalgisk. Dei kunne òg gjerne skilda nordisk natur som noko særeige.

Men sjølv om der er skilnader på den danske naturen og den norske, tyder det ikkje at den norske musikken er meir karrig og den danske meire lyrisk, hevda Frounberg. Han peikte på det nordiske omgrepet som noko problematisk eksklusivt – definerande for det som står utanfor og som ”ikkje er oss”.

Heilt ueffent fann dei likevel ikkje omgrepet. Panelet kunne einast om at der finst felles nordiske likskapar gjenom geografi, sosiale system og samfunnsordningar. Kanskje er nordiske omgrepet like godt som noko anna for å skildra desse, undra Ullapäarko.


Er avantgarden eit luksus?
(Deler?) av panelet svarte eit tvilande ja.

Dei nordiske velferdsordningane er felles, hadde panelet slått fast. Ut frå denne semja såg Ullapäarko med kritisk blikk på dei offentlege stønadsordningar – som potensiell dyrkar av det konserverande.

Når dei nordiske komponistane sjølve er sette til å dela pengar ut til sine eigne, er det ei fare for at komponistane formar uttrykket sitt mot det som samfunnet av komponistar vil ha – det som til einkvar tid står på moten. Soleis kan det heile ha ein konserverande effekt – så kunstnarane berre lagar kunst for sine eigne, hevda han.

Trass mange goder ved velferdssamfunnet stilte han altså gjerne spørsmål ved ulempene: Kan samtidsmusikken ha kritisk kraft all den tid det møter så lita interesse i samfunnet? Kva får samfunnet att for dei bidraga dei gjev?

Islandske Asgeirsson meinte òg at pengar ikkje nødvendigvis er av det gode for kunsten. Han heldt fram finanskrisa som døme: Den har give oss mindre tillit til finansmannen og større tillit til kunsten, hevda han. Med finanskrisa vert det kan henda mindre pengar til kultur, men det er berre dei dårlege institusjonane som vart prega av dette, var bodskapen.


Er det nordiske felleskap viktig?
Asgeirsson sitt mystiske svar kom først: Det nordiske er ikkje viktig, berre som ei avgrensing. Musikk er halvvegs viktig, men ikkje livsnødvendig for individet. Dagar er derimot viktige for alle menneske, ettersom dei styrer liva våre.

Ullapäarko svarte meir direkte: Konferansen er viktig for nokre få – for komponistar, musikarar og institusjonar. Men som konseptet av i år syner, held det kanskje ikkje lenger med fokus på innhald, ein må òg finna sexy måtar å pakka det sofistikerte inn på.


Er det eit poeng at samtidsmusikken når samfunnet?
Kring spørsmåla om den nye musikken har blitt for isolert – oppsummerte Backmann debatten ved å adressera sentrale utfordringar for komponistar. Også dei i spørsmålsform:

Påvirkar det musikken når ein treng å få den solgt? Vert musikken betre når pengar ikkje er innblanda? Korleis påverkar det musikken om opphavsretten forsvinn?

Med utgangspunkt i sitt eige verk, ”Strange News”, der han sette fokus på afrikanske barnesoldatar, presenterte Rolf Wallin ei mogleg løysing for musikken til å seia noko om verda. Han uttrykte òg sin frustrasjon over den einaste kritikken av verket – som problematiserte måten han uttrykte emnet på. Kan henda beteiknande for at der er ein lang veg å gå?

Komponistane har sjølve stilt spørsmål – før festivalen sin andre dag er i gang.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden

Nordic Voices (Foto: Guri Dahl)

Deler ut egen støtte som støtte

Vokalensemblet Nordic Voices gir bort en del av sin egen statsstøtte som arbeidsstipend til en fersk, norsk komponist.Les mer om dette

Fra DNOs oppsetning av 'L'Étoile' (Foto: Magnus Skrede)

"Nybegynneropera"

- Den voldsomme oppmerkomheten rundt egenproduksjoner er medieskapt, sier DNO-sjef Mary Miller.Les mer om dette

Nord-Norsk Opera- og Symfoniorkester  (Foto: Noso.no)

- Forunderlig holdning

Nordland Musikkfestuke er kritiske til knutepunktet FiNN.Les mer om dette

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · ballade@mic.no
Redaktør Espen A. Eik · espen@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten