Tidlegmusikk: Retro OG avantgarde?

Tidlegmusikk-rørsla er i følgje journalist Halfdan Bleken ei nyskapande kraft på linje med avantgarden, med nøkkelrolle som nyskapar innan klassisk musikk. Ei svekking av feltet er imidlertid tydelig i følgje Bleken.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Halfdan Bleken

Av Ida Habbestad

Fredag arrangerte Nordem (Forening for tidlegmusikk i Norden) seminar i Oslo, med ”Tidleg musikk i vår tid” som overskrift.

Under tittelen ”Tidligmusikken, retro eller avantgarde?” argumenterte Halfdan Bleken for det historiske som avantgarde. Han peikte på den enorme betydninga tidlegmusikk-rørsla har hatt for kjennskapen til mykje vestleg kunstmusikk gjennom dei siste åra.

Som innleiingsvise døme viste Bleken til 1951-utgåva av det då kjende oppslagsverket ”Musikkens verden”, der komponisten Vivaldi ikkje var oppslagsord. Medan 1960-versjonen, mellom anna grunna tidlegmusikkrørsla sitt iherdige forskingsarbeid, kunne by på grundig utvida perspektiv; ei utviding på mange kapittel. Vidare synte Bleken oss opptak av Händels ”Messias” anno 1946, framført sørgmodig, langsomt og ufatteleg dvaskt i høve til kva me har i øyret i dag. Det var ei radikalt annleis 1980-tals utgåve han spelte etterpå, med dobla tempo, eit heilt anna vitalt og engasjert uttrykk.


Fortropp
Bleken peikte altså på at tidlegmusikkrørsla lenge har fungert som den fortroppen som gjer oss kjende med nytt repertoar, som har vida ut vår kjennskap til musikken frå før 1700-talet, og som gjennom eksperiment med originalinstrument har stilt spørsmål ved etablerte konvensjonar for framføring.

Orkestra hadde neppe endra denne praksisen sjølve, hevda Bleken, som peikte på korleis institusjonsorkestra stadig framfører det ein frå eit tidlegmusikk-synspunkt kan kalla ein retusjert Mozart grunna instrument og besetning i orkestret.

Vidare er det idag ikkje berre den eldste musikken som vert forska på.

- Tidligmusikkbevegelsen spiser seg innpå repertoaret bakfra, sa Bleken i foredraget, og peikte på at kunnskapen om Beethoven er ein annan no enn tidlegare, og at jamvel Schönberg sin musikk kan ha lydd annleis i samtida enn me framfører den i dag.

- I sin retro-tanke er tidligmusikken svært modernistisk – en avantgarde, var Bleken sin konklusjon, og han understreka den viktige funksjonen rørsla har hatt gjennom å øva press på dei store institusjonane for at dei skal ta løysingane opp i seg.


Svekking?
Imidlertid ser me ei svekking av feltet hevda Bleken – som peikte på begrensa utdanningstilbod, dårleg økonomi og manglande offentleg satsningsvilje som moglege årsakar.

Eksakt kva denne svekkinga består i, gjekk han ikkje vidare inn på, men då det i tida Ballade var til stades vart ytra mykje misnøye kring vanskane med å få spalteplass i mediene, er kanskje det eit teikn på problemstillinga.

Eller heilt enkelt det mest tydelege fokus under seminaret; det store og noko føreseielege spørsmålet om miljøet ynskjer større synlighet kring tidleg musikk.


NORDEM, Nordic Early Music Federation, er ein internordisk organisasjon for tidleg musikk som representerer tidlegmusikk-festivalar, organisasjonar og arrangørar i Norden. NORDEM har denne heimesida. Modus som arrangerte seminaret finn du her.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!


Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til

Siste fra forsiden

Oppussing ved Bergen Offentlige Bibliotek (Foto: Bergen Offentlige Bibliotek)

Ønsker lyd og liv på biblioteket

Kombinasjonen av lyttekvelder, konsertserier, debatter og foredrag skal bygge opp under bruken av musikksamlingen ved norske folkebibliotek. – Vi kan ikke holde musikkbiblioteket kunstig i live, sier avdelingsleder ved Bergen Offentlige Bibliotek Siren Steen.Les mer om dette

Kristin Haagensen, nestleder i MFO (Foto: asamaria.com/MFO)

Vil ikke endre pensjonsvilkårene

INNLEGG: NTO ønsker å endre pensjonssystemet i opera, teatre og orkesterinstitusjonene. MFO kan ikke forhandle fram endringer som gjør at medlemmer får en pensjon de ikke kan leve av, skriver Kristin Haagensen.Les mer om dette

Marianne Sveen (Foto: Linn Carin Dirdal)

Skriver på fonetikk og overtoner

– Uten at man tenker over det bevisst, så tror jeg det er overtonene som inviterer til ulike melodier, sier Marianne Sveen. Ballade møtte artisten og komponisten til en prat om det å skrive musikk.Les mer om dette




Siste om kunstmusikk

04.04.2014

Kirkestemmer


Ballade · Kongens gate 24 , 0153 Oslo
  Redaktør Ida Habbestad · ida@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten