Frå kakofoni til konsentrasjon

UTSTILLING: I samarbeid med Henie Onstad Kunstsenter, står NOTAM bak utstillinga ”Absorpsjon og resonans”. Ballade vitja utstillinga før den går inn i sin siste veke, og meiner den, trass lite optimale føresetnader, er verdt eit besøk. - Skiftande mønstre på ulike skjermar kjempa om merksemda, og fleire gonger gjennom utstillinga tok eg meg i å kikka på bilete som høyrde til andre verk enn det eg lytta til. Imidlertid hadde verka mykje på hjarta kvar for seg, skriv Ballades meldar.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Øystein Wyller Odden_Stone Piece

Av Ida Habbestad

Utstillinga ”Absorpsjon og resonans - lyd og mening” spring ut av ein lydkunstkonkurranse som NOTAM lyste ut i årsskiftet 2007-2008. Frå konkurransen vart kåra ein vinnar, men 8 av 40 innsende bidrag vart vidare plukka ut til utstilling på Henie Onstad Kunstsenter. For som kunstsentret skriv på sine heimesider: ”Det ville rett og slett vært synd og skam ikke å gjøre dette til en større utstilling”.

Sjølv om fenomenet lydkunst vert stadig meir utbredt, kan eg telja på ein hand dei utstillingane av lydkunst eg har vore på, og det var det dermed tilfredsstillande å få med seg den herverande. Ikkje minst sidan NOTAM-leiar Jøran Rudi formulerer i den grundige tekstsamlinga som følgjer med, at verka er responsar på ein og same invitasjon, og at dei samla sett kan gje ein situasjonsrapport om lydkunstens identitet i 2009.

Korvidt han har rett i at nettopp dette knippet utgjer dagens status veit eg ikkje. Men både utstilling og teksthefte virkar som solide forsøk på å presentera ikkje berre dei involverte kunstnarane, men òg fenomenet lydkunst for innvidde så vel som uinnvidde. Berre det i seg kan synast som eit verdifullt bidrag til ein sjanger som, i følgje Lars Mørch Finborud, endå manglar ein definisjon og nokon etablert tradisjon.


Kaos!

Det var altså med stor nyfikne eg dro ut til Høvikodden torsdag, og som alltid med forventninga om at noko skulle finna stad innan ramma av lys og opne rom. Karusellen plassert i inngangspartiet – som gåvmildt deler lyd med den som hoppar på – var òg innbydande. I all sin enkelhet utstrålte den noko spontant og ufarleg, som for å understreka sentret som ope.

Kontrasten vart dermed slåande når eg etterkvart forsto at det var i kjellaren storparten av lydkunsten fann stad. Det innbydande aspektet var liksom ikkje lenger så tydeleg på veg ned i tussmørkna, og di lenger ned eg kom i trappa, di meir overveldande vart kakofonien av lyd: Frå måkeskrik og sjø til smertefullt klingande strykarar, ei stemme som fortalte noko svakt, ei jamn klikking frå ein lysbildeframvisar som stødig skifta bilete – i alt så uroleg at det var vanskeleg å orientera seg kring eitt inntrykk om gongen.

Tilsvarande var der visuell uro. Skiftande mønstre på ulike skjermar kjempa om merksemda, og fleire gonger gjennom utstillinga tok eg meg i å kikka på bilete som høyrde til andre verk enn det eg lytta til. Denne delen av tilretteleggjinga skapte vanskar for konsentrasjonen, og utgjorde for meg utstillinga sitt svakaste punkt.


Askese og overflod

Imidlertid hadde verka mykje på hjarta kvar for seg. Vinnarverket, ”Stone Piece” av Øystein Wyller Odden, baud på sterkt blikkfang og vart eit naturleg startpunkt.

Verket hans er enkelt og talande; ei gamal Henie Onstad-dør med glasrute er knust, og framfor døra, innramma av glas, ligg ein stein.

Ut frå dette spring eit vell av moglege tematikkar. Tankane krinsa kring det opne og det lukka; kring det etablerte og utbrytartrong, mellom institusjonen og den einslege kunstnar – og ikkje minst det faktum at steinen var stengt – eller ramma – inne i eit finare glas enn kva den sjølv hadde knust.

Som tillegg til den visuelle delen av verket, gjekk musikk av Martin Ødegaard over høgtalar. Ødegaard hadde nytta opptaket av det knuste glaset og transkribert det til eit verk for strykarar. I seg var dette eit elegant tillegg, men for meg utgjorde det meir eit slags akkompangement – ja, kanskje like gjerne eit forstyrrande element mot dei reine, nesten asketiske verkemidla som elles var i bruk.


Kva er sanning?

Lyd og bilde fungerte heller ikkje optimalt i lag i Siri Austeens verk, men var nok ikkje meint på same måten å opplevast samtidig. Lyden hadde dessutan ein meir framståande plass i verket, som stilte eit heilt konkret spørsmål: ”Bør Vågan kommune få en egen lyd”?

Etter å ha lytta til utval frå ei lang liste som elevar ved skular i Nordlands-kommunen har foreslått, er eg heilt samd i at Vågan burde få sin eigen lyd. Om eg kunne, ville eg stemt på lyden av spekkhoggarar i mating frå båt; eventuelt den herlege, knirkande lyden av ein plastfender – eller kanskje den klukkande lyden av ei bølgje i eit rør; fascinerande vakker og naturnær.

Trass det abstrakte ved å gripa lyden av ein stad, opplevdest dette som det mest praktiske, konkrete verket – med menneskelege relasjonar – og det var soleis fascinerande å sjå det opp mot Ewa Jacobsson sitt verk, som var det neste eg oppsøkte.

Jacobsson meiner, ifølgje programomtalen, at kunstnarane er løgnarar gjennom verka sine, i det dei berre har ein lausleg tilknytning til fakta. Kanskje kan kunstnaren sin produksjon sjåast som eit kart over kvar han eller ho har vore, eventuelt også kvar dei ynskjer å enda, foreslår Jacobsson. Min første tanke til dette, var spørsmålet om korleis eg så kan ha kjensla av Austeen sitt forsøk på å gripa lyden av ein plass var så overtydande ærleg?

Og det endå om lyden ho samla inn heilt sikkert er bearbeidd og manipulert – trass i vissa om at ingen av desse lydene åleine er Vågan. Er redigeringa verkeleg eins med løgnen? Er me ikkje i så fall løgnarar alle saman?

Ein djuptgrupande skilnad mellom desse to verka, var kor forbausande lite av Austeen sjølv som fanst i hennar verk, medan den personlege stemma var tydeleg gjennom Jacobsson sitt verk. Den kviskrande stemma, små teikningar og notat i ”A Liar’s Map” opna heile tida for at der var fleire tolkingar enn sjølve utsegnet. Som dømevis enkeltsetninga ”probably: a fear of an empty room, of nothing, and death, smiling sisters, double, double”. Desse utsegna kjendest på sett og vis meir direkte talande enn dei i ”Lyder som Vågan”, og opplevdest ikkje som usanne – heller som eit vell av moglege sanningar, gjennom mange uttrykkshøve av vekselvis grovt og vakkert, overflatiske og sirlege utformingar.


Presis og open

Ein glipp gjorde at Emil Bernhardt sitt verk, ”Wittgenstein-stoler”, for min del tapte dimensjonar. Fire stolar hadde kvar sine høyretelefonar, og på veggen vart projisert lysbilete av fargeflatar i ulike kombinasjonar. Eg fekk imidlertid ikkje med meg at stolane, og deira respektive høyretelefonar, baud på ulike tilnærmingsmåtar til den austerrikske filosofen sin tekst.

Dermed var det berre opplesingar av hans postulat eller spørsmålsstillingar, som høyrde til den stolen eg valde, som eg tok del i. Ikkje desto mindre berørte dei, gjennom sine presise og likevel så opne betraktningar om fargane, der spørsmålet ”Kva er betydninga av inntrykket?” skulle stå att som det mest sentrale.


Frå spørsmål til tilstand

Ei underleg dreiing i innhald opplevde eg mot slutten av min gjennomgang. I den grad verka så langt hadde stilt spørsmål – om kva som er sanning, om lyden av ein stad, om kva som ligg bak ei handling og vidare – framsto verka i det neste rommet meir meditative, som tilstandar.

Først i eit lite, nesten klaustrofobisk tett rom, der Bjørn Erik Hagen sitt ”Transfer” vart vist. Alt som fanst i rommet var ein høgtalar, med tydeleg likskap mot ein lesepult, og som understreka det som kanskje kan sjåast som ei underliggjande inspirasjon; å kunna ”lese” lyden”. Lyden av ein tusj som skriv ein tekst bar for meg bodskap om denne tilstanden meir enn noko anna, og likeeins Øyvind Torvund sitt ”Transporting Rituals”. Det besto i framvisninga av to menneske med dyreansikt som spelte på kvar sin streng; insisterande, minimalistisk, nesten suggererande og med den same jordnære tilnærminga til kunsten som det å la den finna stad i ein campingvogn.

Denne gongen var spelet plassert ute i skogen, og dyreansikta gav assosiasjonar – både til det primitive og grunnleggjande, dels òg til David Lynch sine bisarre dyr som nettopp kan symbolisera ei lang rekkje ting, men som vel neppe kan seiast at alltid er meint logisk forstått.


Summa summarum...

Fleire verk var utstilt – men det var desse eg valde å gje tid. På vegen ut let eg meg nok ein gong overvelda av virvaret av lyd – men etter å ha vore der lenge, var konteksten ein annan; Virvaret vart mest som ein oppsummering av leik, spørmål og meditasjonar – og ikkje minst inntrykk.

Slik sett er det enkelt å anbefala den som endå ikkje har fått med seg ”Absorpsjon og resonans” å besøka utstillinga den siste veka det er mogleg. Føresetnaden får vera, slik Hagen siterer professor i filosofi Arild Utaker i programmet: ”Når du filosoferer, må du stige ned i det opprinnelige kaos og føle deg hjemme der”.


Grunna ei plateinnspeling var Studio, der Bjørn Askefoss sitt verk "Muliot" er utstilt, stengt.

Kunstnere representerte på Absorpsjon og resonans:
Bjørn Askefoss, Siri Austeen, Christian Bermudez, Emil Bernhardt, Espen Sommer Eide, Bjørn Erik Haugen, Ewa Jacobsson, Øystein Wyller Odden, Stian Skagen, Monica Winther og Øyvind Torvund.

I juryen som har plukket ut verkene til utstillingen satt Aeron Bergman, Lars Petter Hagen, Lars Mørch Finborud, Camille Norment og Jøran Rudi.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!


Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til

Siste fra forsiden

Marianne Sveen (Foto: Linn Carin Dirdal)

Skriver på fonetikk og overtoner

– Uten at man tenker over det bevisst, så tror jeg det er overtonene som inviterer til ulike melodier, sier Marianne Sveen. Ballade møtte artisten og komponisten til en prat om det å skrive musikk.Les mer om dette

F.v. Helene Myklemyr Bolstad (nestleiar), Per Øyvind Tveiten (leiar) og Mari Skeie Ljones (nestleiar) i FolkOrg
 (Foto: Knut Aastad Bråten)

Unyanserte påstander

INNLEGG: I programmet Vårt lille land på TV2 sist søndag fremstiller Gerhard Helskog folkemusikken som et pengesluk, og stiller spørsmål om tilskuddene bidrar til å stagnere utviklingen. Fremstillingen er både feil og unyansert, mener FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedansLes mer om dette

Caroline Ailin (Foto: Presse)

Kunsten å forstå en artist

Låtskriver Caroline Ailin gjør kommersiell karriere i London. Snart går turen også til USA. - Det handler om å finne balansen mellom det ingen andre har gjort og noe som appellerer, sier hun.Les mer om dette




Siste om kunstmusikk

04.04.2014

Kirkestemmer


Ballade · Kongens gate 24 , 0153 Oslo
  Redaktør Ida Habbestad · ida@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten