Oslo-Filharmonien – Sibelius Symfoni nr. 5

DVD: Oslo-Filharmonien er aktuelle med sin første DVD. I tolkinga av Sibelius 5. Symfoni syner orkestret seg på høgda, meiner Ballades meldar, – Opninga er løfterik, og desse tilsegna vert fint halde i hevd i rike oppbyggjingar, fint måla solistiske innslag, karakteristikkar av det massive tunge og det lette om kvarandre. Instrumentasjonen er dessutan forbilledleg kva gjeld å portrettera dei mange enkeltbidrag i orkestret skriv ho i denne artikkelen.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Jukka-Pekka Saraste 2 2005 (Foto: Scanpix)

Av Ida Habbestad

Sjølv om eit opptak aldri heilt kan erstatta den levande konsertframføringa, opplever eg stadig at film-formatet gjev fascinerande høve, ikkje berre til å få med seg produksjonar som ikkje er å sjå her i landet, men òg til å komma innpå utøvarane på særeige vis.

Den siste og store opplevinga eg hadde av dette, var ved framvisninga av John Adams’ opera ”Doctor Atomic” på Gimle, overført direkte frå the Met. Der utgjorde kinosalen langt på veg ein konsertsal med kjensla av eit ”her og no”. Samstundes gav kameraet tilgang til ein heilt annan grad av detaljar, ansiktsuttrykk, mimikk.

Møtet med Oslo-Filharmonien sin første DVD er tilsvarande. Høvet til å ”sjå” dynamikken i orkestret gjennom kodar, innpust, små glimt av dei mange bestanddelar som utgjer heilskapen i orkestret er unekteleg fascinerande. Ikkje minst å kunne følgja den visuelle formidlinga som er mellom dirigenten og instrumentet hans – som ein normalt berre fornemmar.

Det er dessutan ei særs overtydande tolking orkestret byd på ved denne innspelinga. Kanskje ikkje så overraskande med tanke på at Sibelius-symfoniar er eitt av orkestret sine spesialområde. I coveret kan me lesa om ein tradisjon som strekkjer seg langt attende i tid. Mellom anna vitja Sibelius sjølv Oslo-Filharmonien i 1921 for å dirigera fleire konsertar med eigne verk. Den aktuelle symfonien i vår samanheng – nummer 5 – vart først framført i Oslo 1935, og har sidan vore på repertoaret med jamne mellomrom.

Ikkje desto mindre tilfredsstillande å oppleva at der eksisterer ein nerve i tolkinga, frå dei første innleiiande tonar i horn, og vidare gjennom vakre melodiske motiv hjå blåsarane. Opninga er løfterik, og desse tilsegna vert fint halde i hevd i rike oppbyggjingar, fint måla solistiske innslag, karakteristikkar av det massive tunge og det lette om kvarandre. Instrumentasjonen er dessutan forbilledleg kva gjeld å portrettera dei mange enkeltbidrag i orkestret.

Samanlikningar og nyfikne

Innspelinga gjev altså eit godt bilete på orkestret på høgde. Gjennom Andrew Barnett sitt intervju med Jukka-Pekka Saraste får me dessutan ein nærare kjennskap til Saraste si tilnærming til Sibelius.

Aller mest opptekne er dei to av skilnaden mellom herverande versjon av symfonien, fullført i 1919, og førsteutkastet, som vart ferdig 4 år tidlegare. Gjennom to redigeringsrunder skjedde innstrammingar, ei samanslåing av 2 satsar, motiviske endringar og meir. Desse skilnadene vert gjennomgått, om ikkje punkt for punkt så i alle fall kronologisk og grundig. Samanlikninga er interessant, dels grunna illustrasjonane frå orkestret med små utsnitt frå den gamle utgåva.

Samstundes er det for meg noko uforløyst ved dette intervjuet; eg undrast over kvifor der er sett meir fokus på det som er forkasta enn resultatet som føreligg. Innbakt i Saraste sine utsegn om den gamle versjonen ligg sjølvsagt ein del av refleksjonane til grunn for herverande versjon, og likevel vert eg vert sitjande att med kjensla av å ha pirka i overflata. Nyfikna er større til den så overbevisande Sibelius-tolkaren; korleis forheld han seg til materialet som utgjer det endelege resultatet: korleis går han musikken i møte?


Fleire språk

Med det sagt; her er mykje artig informasjon. Mellom anna vert sagt at Saraste sin personlege meining om kvifor Sibelius mot slutten av livet gav opp komponeringa, er avdi han vart for isolert i heimen ute på landet; at Europa vart for langt unna for det finske nasjonalikonet.

Fascinerande er det òg å høyra Saraste grunngje Sibelius' revisjonar som religiøse – at Sibeluis fekk musikken som mosaikkar frå Gud og trong fleire forsøk på å setja dei i saman. Slik anest konturen av eit romantisk kunstnarsyn – det mottakande geniet – om det så er Saraste eller Sibelius sjølv som såg det slik, er noko uvisst.

Same kva fascinerer dirigenten sitt språk kring musikk. Også det han ikkje seier, men som ligg der i praksis, i rørsler.

Det verbale set likevel i gong fleire tankerekkjer – og som for min del gjerne kunne vore representert oftare i konsertsituasjonen.


Sibelius: Symfoni nr 5

Medverkande
Oslo-Filharmonien
Jukka-Pekka Saraste (dirigent)


Nordisk film

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!


Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til

Siste fra forsiden

Fra Musikk i tall 2012 (Foto: Norsk kulturråd/Rambøll Management Consulting)

Musikk i tall

I dag presenteres tall for norsk musikkbransje fra 2012, første steg mot en årlig statistikk. Les rapporten her.Les mer om dette

Andreas Meland (Foto: Haakon Nordvik)

Strømme, eller ikke?

Lave inntekter fører fortsatt til at noen holder repertoar tilbake fra strømming. Mens Kirkelig Kulturverksted bremser, returnerer lille Hubro til strømmeuniverset.Les mer om dette

Erik Hillestad (Foto: kkv.no)

Hillestad i pluss

Kirkelig Kulturverksted slutter med å finansiere innspillinger. Dermed går selskapet i pluss i 2013.Les mer om dette




Siste om kunstmusikk

04.04.2014

Kirkestemmer


Ballade · Kongens gate 24 , 0153 Oslo
  Redaktør Ida Habbestad · ida@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten