Leif Ove Andsnes årets Peer Gynt

Leif Ove Andsnes er valt til årets Peer Gynt av stortingsrepresentantane. Prisen vart delt ut av stortingsrepresentant Per Kristian Foss under Peer Gynt-stemnet.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Leif Ove Andsnes portrett 2006 (foto: Simon Fowler)

- Eg er veldig glad for å motta årets Peer Gynt! Eg opplever det som ei stor ære, ikkje minst med tanke på lista over tidlegare prisvinnarar. Spesielt gler eg meg til å oppleve Per Gynt-stemnet på Vinstra, som eg har høyrt så mykje flott om over mange år, seier Andsnes.

I statuttane for utnemninga av årets Peer Gynt heiter det at den som blir vald må vera ein person eller ein institusjon som har markert seg på ein positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Noreg kjent i utlandet.

Leif Ove Andsnes vart fødd på Karmøy i 1970. I ein heim der båe foreldra var musikklærarar vart musikken ein naturleg del av oppveksten. Som 15-åring flytta Leif Ove til fastlandet for å studere med Jiri Hlinka ved konservatoriet i Bergen. To år seinare var han solist med Edvard Griegs a-moll konsert på avslutningsgallaen under Festspillene i Bergen.

Andsnes er blant Noregs mest framgangsrike og profilerte musikarar, og har trass sin unge alder ei eventyrleg karriere å syne til. Han har gjort ei rekkjke plateinnspelingar og har motteke fleire nasjonale og internasjonale prisar. I 2005 var han den yngste nokon sinne som Carnegie Hall "Perspectives" artist.

I mai 2002 vart Leif Ove Andsnes utnemnt til kommandør av den Kongelege Sankt Olavs Orden. Andsnes er kunstnarisk leiar fro Risør Kammermusikkfestival, og frå 1. august tiltrer han stillinga som Professor i klaver ved Musikkhøgskolen i Oslo.

Det er Peer Gynt-stemnet som melder dette.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden

Elin Aamodt - halvfigur, farger (Foto: gramart.no)

Vil fjerne IFPI og FONO fra forhandlingsbordet

Artistene ønsker GRAMO som felles forhandlingspartner med NRK. Det vil ikke plateselskapene gå med på. Les mer om dette

illustrasjon mynt

Ingen utbetaling

GramArt og MFO forventer at uteblitt vederlag fra 2009 og 2010 snarest utbetales av IFPI-selskapene.Les mer om dette

Gisli (Foto: last.fm/music/Gisli)

Ofrer halvparten

Små norske forlag må gi fra seg halvparten av rettighetene for å kunne lansere artister utenlands. Dette hemmer inntektsflyten tilbake til Norge.Les mer om dette

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · ballade@mic.no
Redaktør Espen A. Eik · espen@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten