Wallin som orkesterkomponist

Oslo-Filharmoniens Wallinfestival er i gang, og under den første konserten var Wallin som orkesterkomponist tema. Under leiing av Christian Eggen og med Leif Arne Tangen Pedersen som solist framførte orkestret verka "ID" og "Klarinettkonsert" samt "Symphonie Fantastique" av Berlioz. "Det nemnde særpreget ligg kanskje i at det i verka hans er enkelt å følgja eit forløp eller utviklinga av ein idé, og at det finst ein dialog internt mellom musikarane, som òg lukkast nå ut til publikum" skriv Ida Habbestad i meldinga av konserten.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Rolf Wallin_smil (Foto: Eli Berge)

Av Ida Habbestad

Den første konserten under Wallinfestivalen hadde orkesterkomponisten Wallin som tema. Orkestret framførte verka "ID" og "Klarinettkonsert" frå høvevis 1982 og 1996, og med det kom eit 14 år langt spenn frå komponisten sin tidlege startfase til hans meir etablerte verksemd til syne.

Elegant instrumentator

Det tidlege "ID" er eit gjennomført vakkert verk, med lyriske kvalitetar. På mange måtar opplevdest det dessutan beteiknande for noko av det som seinare har komme til av orkesterverk frå Wallin si hand – eit slags Wallinsk særpreg som òg var å finna i Klarinettkonserten.

Rolf Wallin er ein formidlande komponist. Det nemnde særpreget ligg kanskje i at det i verka hans er enkelt å følgja eit forløp eller utviklinga av ein idé, og at det finst ein dialog internt mellom musikarane, som òg lukkast nå ut til publikum.

For å skildra nærare kva dette særpreget handlar om, tykkjest det nærliggjande å sjå til eitt viktig element ved kveldens tredje verk, "Symphonie Fantastique", som vart framført etter pause. Berlioz sin komposisjon er i følgje Wallin det første orkesterstykket han fekk eit verkeleg ’orkesterkick’ av - og på spørsmål om kvifor verket også sidan har vore til inspirasjon for han, var svaret at det handlar om den frekke, nyskapande orkestreringa Berlioz gjorde bruk av.

Fokuserer ein på instrumenteringa i Wallin sine verk, finn ein at komponisten handsamar orkestermediet særs elegant. Måten han let enkeltmusikarar og stemmegrupper sleppa til i lange strekk på, gjev det heile eit kammermusikalsk, transparent preg. Likeeins fører måten han forskar på bruken av instrumentkonstellasjonar og overgangane mellom dei til at det tidvis kjenst som det like mykje er orkesteret som kjem smygande inn i den solistiske klangen som omvendt. Kanskje er det dette aspektet som skapar ein slik grad av kommunikasjon internt i det store instrumentet.

Drift, instinkt, impulsar…

Eit anna aspekt ved Berlioz er hans rolle som programmusikalsk komponist. "Symphonie Fantastique" er kroneksemplet på den skildrande programmusikken, der det nøye utforma programmet "Ein episode frå ein kunstnars liv" berettar om kunstnaren som etter å ha møtt sin store kjærleik etterkvart trur han har drepe henne, rusar seg med opium, og får ei rekkje makabre visjonar.

Sjølv om ein neppe kan tilleggja Wallin sine verk noko tilsvarande programmatisk innhald, er han ikkje heilt framand for å la musikken vera verkemiddel for eit bodskap. "Komponisten og virkeligheten" er tema for Oslo-Filharmoniens konsert i kveld, med mellom anna urframføringa av "Strange News", der bruken av barnesoldatar vert problematisert.

Men også i verka som ikkje har noko politisk utgangspunkt finn ein, om ikkje nokon programmatisk ide, så i alle fall gjerne ein peikepinn om at musikken omhandlar noko; eit fenomen, eit prinsipp eller liknande. Titlar som "Act", "Tides", "Chi", "Appearances", "Changes", "Stream" vitnar alle om at komponisten er oppteken av naturfenomen, energi og rørsle osb.

… og alt som krever energi

"ID" føyer seg inn i (eller er kanskje rettare utgangspunktet for?) denne rekkja. I Freuds psykoanalytiske teori, er "ID" 'det’et'; dei umedvitne instinkt og driftar menneska har. Klarinettkonserten opplevest heller ikkje som noko unntak frå denne regelen, trass i at den har ein nøytral tittel.

For eit hovudtrekk i begge verka tykkjest vera impulsen – eit rytmisk eller melodisk motiv som forgreinar seg; frå det oppstår i eitt instrument eller ei instrumentgruppe, til det forplantar seg vidare – før så ein ny impuls.tek over og atter fører det vidare.

Eit anna felles trekk – som ein òg finn i Wallins "Act", er at verka byrjar i ingenting, det heilt stille og opne – før det byggjer seg oppover, gjennom eit langsomt crescendo, til det ekstreme, i ei utvikling der dette tilhøvet kanskje har vorte meir tydeleg med tida.

Som ei oppsummering av denne første presentasjonen av Wallin som orkesterkomponist, kan ein dermed venda attende til det som eigentleg var ei oppsummering av verket "Act":

Tanken gjekk like gjerne til 'act' som til 'interact'; handlinga, rørsla, spelet – og alt som krever energi.

Wallinfestivalen fortsetter, med konsert i konserthuset i kveld kl 19.30.
Laurdag 12. mai vert eit utval av Wallins kammerverk presentert, kl 19.00 på Parkteatret. For fullstendig program, sjå denne artikkelen.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!


Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til

Siste fra forsiden

Fra Musikk i tall 2012 (Foto: Norsk kulturråd/Rambøll Management Consulting)

Musikk i tall

I dag presenteres tall for norsk musikkbransje fra 2012, første steg mot en årlig statistikk. Les rapporten her.Les mer om dette

Andreas Meland (Foto: Haakon Nordvik)

Strømme, eller ikke?

Lave inntekter fører fortsatt til at noen holder repertoar tilbake fra strømming. Mens Kirkelig Kulturverksted bremser, returnerer lille Hubro til strømmeuniverset.Les mer om dette

Erik Hillestad (Foto: kkv.no)

Hillestad i pluss

Kirkelig Kulturverksted slutter med å finansiere innspillinger. Dermed går selskapet i pluss i 2013.Les mer om dette




Siste om kunstmusikk

04.04.2014

Kirkestemmer


Ballade · Kongens gate 24 , 0153 Oslo
  Redaktør Ida Habbestad · ida@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten