Landslag for levande folkemusikk- og dansetradisjonar i Noreg

- Gjennom dette forslaget opnar ein for at NFD også skal jobba for ein eldre runddansstil. Den eldre runddansstilen er blant dei eldste formene for folkemusikk i nokre tradisjonsområde, seier styreleiar Åshild Vetrhus, som og la vekt på at faglege uttrykk må vera presise.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Åshild Vetrhus, 2006

Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD), Landslag for levande folkemusikk- og dansetradisjonar i Noreg, vart skipa i 1987 og er ein samskipnad av personar, institusjonar og lag.

Norsk Folkemusikk- og Danselag sitt fremste føremål er å ta vare på og fremje norsk folkemusikk og -dans og å sikra utøvarane sine økonomiske, sosiale og kunstnarlege interesser.

I si tale til årsmøtet la styreleiar Åshild Vetrhus m.a. vekt på at det må vera samanheng mellom vedtekter og praksis, og at faglege uttrykk må vera presise.

- Gjennom dette forslaget opnar ein for at NFD også skal jobba for ein eldre runddansstil. Den eldre runddansstilen er blant dei eldste formene for folkemusikk i nokre tradisjonsområde. Denne musikken har gjerne den same estetikken som bygdedansspelet har andre stader. Difor meinar eg at det er heilt naturleg at dette også er musikk NFD skal fremja gjennom sitt arbeid, sa Åshild Vetrhus mellom anna.

Levande folkemusikk- og dansetradisjonar i Noreg – slåttespel, kveding, pardans og lausdans (halling) – står for eit mangfald av ulike sjangrar og stadeigne variantar (dialektformer). Desse har fått sitt særpreg gjennom langvarig dyrking og bruk og utgjer fullverdig kunst i sin eigen rett.

- Mitt håp er at NFD gjennom språkleg oppussing kan verta ein opnare organisasjon der det er større gjennomgåande samanheng mellom vedtekter, arbeidsprogram og munnleg og skriftleg framstilling av det me gjer og meinar.

Dyrking og vidareføring av dei levande folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg står sentralt i NFD sitt arbeid, men laget skal og fremja utvikling og nyskaping på tradisjonelt grunnlag. NFD vil legge særleg vekt på å sikra best moglege tilhøve for dei profesjonelle utøvarane. Dette er eit av dei viktigaste vilkåra for å sikra høgt kunstnarleg nivå på området, god rekruttering og vidareføring av tradisjonen.

- NFD er i sterk utvikling, og skal me halda fram slik må me vera medvitne om kor me vil gå. Igjen er det årsmøtet som avgjer.

Interesserte kan lese meir om desse endringane på denne sida. Du kan også lese meir om årsmøtet i Kvinten nr 2/0,7 som kjem ut over påske.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden

Elin Aamodt - halvfigur, farger (Foto: gramart.no)

Vil fjerne IFPI og FONO fra forhandlingsbordet

Artistene ønsker GRAMO som felles forhandlingspartner med NRK. Det vil ikke plateselskapene gå med på. Les mer om dette

illustrasjon mynt

Ingen utbetaling

GramArt og MFO forventer at uteblitt vederlag fra 2009 og 2010 snarest utbetales av IFPI-selskapene.Les mer om dette

Gisli (Foto: last.fm/music/Gisli)

Ofrer halvparten

Små norske forlag må gi fra seg halvparten av rettighetene for å kunne lansere artister utenlands. Dette hemmer inntektsflyten tilbake til Norge.Les mer om dette

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · ballade@mic.no
Redaktør Espen A. Eik · espen@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten