BULL's eye

Peter Herresthal er, saman med Oslo Filharmoniske Orkester og dirigent Rolf Gupta, aktuell med ein ny CD, der han portretterer 60-års jubilanten Olav Anton Thommessen. Tittelverket ”BULL’s eye” gjorde komponist og utøvar fortente til høvevis Edvard-prisen i 1999 og Kritikerprisen i 2002. – Realiteten for utøvarar i dag er at ein ofte må reprodusera verk som kanskje ikkje ligg så godt i hendene – medan til dømes Bull eller Paganini fanst i ein tradisjon der ein skreiv eigen musikk tilpassa eigne spesialitetar. Med Thommesens stykke opplever eg litt av det privilegiet — å få verk som er skreddarsydde, seier Herresthal til Ballade.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Peter Herresthal1. Foto: Morten Krogvold

Av Ida Habbestad

Peter Herresthal er ein av våre mest anerkjende unge musikarar. Etter sin eksamen ved Norges musikkhøgskole i 1996 har han hatt recitals og solistoppdrag med orkester i store deler av Europa og Japan. Gjennom heile karrieren har han profilert seg som ein framståande tolkar av samtidsmusikk, og er no aktuell med ei utgjeving med verka ”BULL’s eye”, ”Please accept my ears” og "Cantabile” av Olav Anton Thommesen.

- Olav Anton har vore ei stor inspirasjonskjelde for meg, fortel Herresthal. - Han har ei fantastisk oversikt over musikkhistorien; han er så interessert i det som skjer på musikkfronten, og i alt som er nytt. Han er merksam på at han står i ein tradisjon — og nyttar gjerne, slik som óg Berio har gjort, andre komponistar sine verk som utgangspunkt for sine.

Improviserande virtuos?
I tittelverket på den nye utgjevinga er det Ole Bull som er utgangpunktet. Soga seier at det vart funne eit partitur til ein av Bulls fiolinkonsertar der det ikkje var skrive inn noka solostemme. Thommesen fekk dette, og såg for seg at Bull sjølv improviserte solostemma frå gong til gong. I ein omtale av verket (tidlegare publisert på Ballade) fortalde han:

“Jeg begynte å fabulere om at en slik fremgangsmåte hadde utgjort en helt ny genre som man godt kunne efterlyse i musikkhistorien. Hvorfor finnes det ikke flere slike solistparti-løse konserter? Tenk om komponister og utøvere hadde samarbeidet over stil-grenser for å skape slike felles verker. Jeg foreslo forskjellige løsninger, men bestemte meg for å bruke idéen om et dobbelt-orkester, en symfonisk innpakning av orginalsatsen med formidlende violinstemme.”

Med dette som utgangspunkt gjekk Thommesen Bull etter i saumane:

- Det er på ein måte to fiolinkonsertar som lever parallelt, og eg spelar begge konsertane på same tid, seier Herresthal. — Thommesen dveler ved Ole Bull, og forlengjer sitata. Fem sekund av Ole Bull vert fem minutt av Thommesen —dei står som kommentarar til Bull. Det er Thommesens måte å studera stilen på, og samstundes ta med seg verkemidlar, som til dømes dramaturgien i dette høvet.

Publikumsvenleg dramaturgi
Herresthal berømmer denne dramaturgien, som er basert på Ole Bull si oppbygging. Han meiner at stykket, nettopp grunna denne forma, er uvanleg publikumsvenleg. Kva er det så Thommesen gjer med forma? Herresthal utdjupar:

- Konserten startar med Ole Bulls opphavlege introduksjon som Thommesen bearbeider. Så finst det lenge eit ganske heftig lydbilete med fiolin og to orkester. Fiolinen kjem gradvis fram i forgrunnen gjennom konserten, og til slutt er det berre fiolinen att; først alle fiolinane åleine, og dinest berre eg. Og heilt til slutt er det ein elektronisk kadens som er ein rekonstruksjon av Ole Bulls kadens.

- På eit moderne instrument er denne kadensen så godt som uspeleleg, seier Herresthal vidare. — Ole Bull hadde ein heilt flat stol, som gjorde at han kunne spela på alle fire strenger samstundes. Det var noko av det han imponerte med, at han kunne spela firstemt med seg sjølv.

Skreddarsydde utfordringar
Thommesen har i konserten teke vare på virtous-tradisjonen, og gjev rom for Herresthals spesialitetar:

- Realiteten for utøvarar i dag er at ein ofte må reprodusera verk som kanskje ikkje ligg så godt i hendene – medan til dømes Bull eller Paganini fanst i ein tradisjon der ein skreiv eigen musikk tilpassa eigne spesialitetar. Med Thommesens stykke opplever eg litt av det privilegiet — å få verk som er skreddarsydde.

Thommesens ’hit’
Det var eit slag for Thommesen då ein midt under hans arbeid med fiolinkonserten faktisk fann fiolinstemma. Verket hadde vore urframført med Stavanger Symfoniorkester i 1999, og i 2002 skulle ein presentera ei ny og større utgåve med Bergen Filharmoniske Orkester under Festspela sitt 50-årsjubileum.

- Eg trur det var krise for Olav Anton då ein fann stemmene, heile idéen hans var borte — det var litt som å sleppa lufta ut av ballongen. Mykje stoppa der, det finst fleire delar av konserten som ikkje er rekonstruert. Men eg trur tross alt at han er særs nøgd med verket, seier Herresthal.

Sjølv meiner Herresthal at verket definitivt er mellom dei betre nyskrivne fiolinkonsertane i dag:

- Det er veldig mange fiolinkonsertar for tida, nærmast ein epidemi av nyskrivne konsertar, men eg vil påstå at denne er ein av dei betre. Thommesen har óg laga ein avleggjar av denne, eit solostykke som skal urframførast under Festspela i Bergen. Den skal heita ”Bulls hit” (!) — og eg vonar ”BULL’s eye” kan verta Thommesens hit. Han skildrar jo ofte sine verk som uynskte — men har lova å ikkje seia det om dette, for det har jo vorte spelt fire-fem gonger og til og med innspelt nokså få år etter at det vart urframført. Så då er det kanskje allerede Thomessens hit?

Please accept my ears
Thommesen har mange verk som tek utgangspunkt i eksisterande materiale. I det andre verket på CD-en er det imidlertid ikkje slik:

- Dette er eit verk som er meir ’rein’ Thommesen, sjølv om det óg kanskje er inspirert av andre ting. I ”Please accept my ears” handlar det mykje om dei to instrumenta sette opp mot kvarandre. Fiolin og piano er ein besetning som det er vanskeleg å få komponistar i dag til å skriva for. Eg har turnert mykje med sonate-repertoar, og vilja utvida med samtidsmusikk, men det har vore vanskeleg. Eg trur det er mange som meiner det eksisterer eit alvorleg balanseproblem mellom desse instrumenta.

Kva er det ein oppfattar som problematisk?

- Det er nok unekteleg eit problem i tradisjonen – at ein, i og med dei moderne instrumenta, får ein ujamn balanse. Når ein spelar verk som er skrivne for fiolin og eit hammerklaver eller cembalo, og så skal utføra det same med eit Steinway-flygel, må fiolinen spela sterkt og pianoet dempa seg. Kanskje komponistane kjenner at dei må leggja så mykje band på seg, at det er meir morosamt å skriva for andre besetningar. Verk for solo fiolin eller fiolin og elektronikk er det fleire av, seier Herresthal:

- Men Thommesen har vore særs medviten om dette. I Thommesens stykke spelar fiolinen nesten alt i etterklangen av pianoet, pianoet spelar med loket ope. Det er óg ei bevisstgjering av etterklangen i flygelet, og dei ulike klangfargane som oppstår. Når ein spelar samstundes med, eller i etterklangen, endrar ein spelestil ganske radikalt. Dette verket har eg spelt inn før — då var eg ung, og hadde ei romantisk tolking, no er det meir virtuost, raskt og modernistisk, det likte Thommesen godt!

Cantabile (Etyde-Cadenza)
Det siste verket, ”Cantabile (Etyde-Cadenza)”, er skrive til Festspela i Nord-Noreg. Det er eigentlig basert på bratsjkonserten Thommesen skreiv til bratsjisten Soon-Mi Chung.

- Dette er noko Thommesen ofte beskjeftigar seg med; han gjer ein avleggjar av eit større symfonisk verk om til eit solostykke. Men det er endra mykje frå bratsjkonserten. Istaden for å spela flageolettar, som bratsjen gjer, er det ei utforsking av det høge registeret, det er mange dobbelgrep. Thommesen baserer mykje på tersar og sekstar, det kan verta ganske tonalt, og så går det rett inn i ein Bartoksk solosonate-tradisjon. Dette verket er ikkje så mykje spelt, avdi det er så vanskeleg, seier Herresthal.

Samtids-basillen
Etter utelukkande å ha snakka med Herresthal om Thommesens verk, er det kanskje på tide å høyra kva som var Herresthals veg inn i samtidsmusikken?

- Av nyare musikk byrja eg med fiolinkonsertar av Fartein Valen og Gisle Kverndokk, fortel Herresthal. — Og vart nok litt biten av basillen. Eg spelte inn ein fiolinkonsert av Bibalo, og fekk eindel oppdrag som var store for meg. Enkeltpersonar i komponistmiljøet er flinke til å ta imot interesserte solistar og gje dei oppgåver. Det å få jobba så tett saman med komponisten, vera kreativt med i prosessen, og ikkje berre reprodusera, har eg sett pris på, seier Herresthal.

- Kanskje gjeld dette særleg når ein er nyutdanna — for ein har alltid vorte fortald korleis ein skal gjera ting. Den tekniske delen av fiolintradisjonen er ekstremt krevjande og har ein tendens til å styra korleis me utrykkjer oss.

- Men eg kunne like gjerne vorte barokk-fiolinist, dersom barokkmiljøet hadde vore like sterkt då eg studerte som det er idag. Eg er veldig interessert i det som skjer der, og nyttar det mykje i mi eiga undervisning. Det er flott å undervisa, då får eg gjort den delen av repertoaret óg. Eg får nesten ikkje brukt samtidsmusikk som lærar, for i den samahengen nyttar ein så mykje tid på å jobba med grunnteknikk og å førebu prøvespelsprogram.

Eit større, men meir konservativt miljø i Sverige?
Herresthal har sidan 2000 vore tilsett som førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole. Siden 2002 har han óg undervist i Sverige, først som professor ved Edsbergs slott og sidan som professor ved Kungliga Musikhögskolan

- Å jobba i Sverige har vore spanande. Komponistmiljøet i Sverige er eit heilt anna enn det norske, — det same gjeld strykemiljøet.

På kva måte?

- Det er andre ideal. Eg innbiller meg at ein i Sverige er noko meir konservative i komponistmiljøet, og på ein måte gjeld dette også utøvarane. Samstundes har dei alt me drøymer om å ha: profesjonelt barokkorkester, eigen avdeling for dette på Högskolan, og dei har kanskje òg fleire internasjonale komponistar på gjennomreise.

- Og så er det forbausande lite kontakt mellom oss. Så det har vore morosamt å vera i ein posisjon midt imellom, med høve til å knyta folk saman.

Eit ynskje, generelt – men óg for herverande utgjeving, er at verka skal verta kjende i ein større krins enn den næraste.

- Det er spanande å få vera førstemann ut til å spela eit verk, men verket må leva sitt eige liv etterpå. Jo fleire som spelar det, jo bedre. Når ein står ovafor verkeleg gode verk, er det godt om ein kan bidra til at dei kan leva vidare, avsluttar Herresthal.

CD-en er den andre i ein serie på tre Herresthal gjev ut på BIS. Den første inneheldt verk av Arne Nordheim. Ei utgjeving med verk av Ligeti står for tur.
Sjå elles Herresthal sine nettsider.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!


Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til

Siste fra forsiden

Marianne Sveen (Foto: Linn Carin Dirdal)

Skriver på fonetikk og overtoner

– Uten at man tenker over det bevisst, så tror jeg det er overtonene som inviterer til ulike melodier, sier Marianne Sveen. Ballade møtte artisten og komponisten til en prat om det å skrive musikk.Les mer om dette

F.v. Helene Myklemyr Bolstad (nestleiar), Per Øyvind Tveiten (leiar) og Mari Skeie Ljones (nestleiar) i FolkOrg
 (Foto: Knut Aastad Bråten)

Unyanserte påstander

INNLEGG: I programmet Vårt lille land på TV2 sist søndag fremstiller Gerhard Helskog folkemusikken som et pengesluk, og stiller spørsmål om tilskuddene bidrar til å stagnere utviklingen. Fremstillingen er både feil og unyansert, mener FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedansLes mer om dette

Caroline Ailin (Foto: Presse)

Kunsten å forstå en artist

Låtskriver Caroline Ailin gjør kommersiell karriere i London. Snart går turen også til USA. - Det handler om å finne balansen mellom det ingen andre har gjort og noe som appellerer, sier hun.Les mer om dette




Siste om kunstmusikk

04.04.2014

Kirkestemmer


Ballade · Kongens gate 24 , 0153 Oslo
  Redaktør Ida Habbestad · ida@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten