Landslaget for Spelemenn med drahjelp frå Frelsesarmeen

Norsk folkemusikk tyr til hjelp frå Frelsesarmeen når dei skal meisle ut vegen framover. Tidlegare marknadssjef Jan Størksen i Frelsesarmeen er eit av trekkplastera når Norges største folkemusikkorganisasjon samlar seg til lanseringsseminar for den nye strategien sin på Gardermoen 2.- 3.oktober. - I strategiprosessen har vi diskutert korleis vi skal knyte saman det kunnskapsarbeidet som blir gjort i folkemusikken: Samanhengen mellom kjelder, folkemusikkarkiv, lag, artistar og forskingsinstitusjonane, seier dagleg leiar Magnar Sundt.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Landslaget for Spelemenn - åpningsbilde

Kva har norsk folkemusikk å lære av Jan Størksen? Ganske mykje, meiner dagleg leiar Magnar Sundt i LfS:

- Verdiforankring står sentralt når folkemusikken skal fornye seg. Den samme utfordringa har Størksen stått overfor i Frelsesarmeen. Det har vore viktig å gjere tydeleg kva verdiar organisasjonen er tufta på, ved å bruke hjelpemiddel som er ganske uvanlege for Frelsesarmeen: CD-suksessar som "Perleporten" og "Stolpesko", suppekokeboka "Kraft", moteoppvisning frå Fretex og andre spreke prosjekt har profilert Frelsesarmeen på ein frisk måte, seier Sundt.

Jan Størksen seier sjøl at det har ingen hensikt å lage annonsar, brosjyrer eller reklamefilmar, dersom ingen av dei tilsette trur på bodskapa som blir formidla. Overføringsverdien til LfS er ganske tydeleg: Heile organisasjonen må tru på den vegen som blir staka ut.

Størksen har arbeidd med store kundar som Statens Vegvesen, Trygg Trafikk, Operasjon Dagsverk, Redd Barna, Aker Kværner, Kirkens Nødhjelp og avisene Vårt Land og Nationen, og har sidan 2000 vore marknadssjef i organisasjonen han sjøl vaks opp i. Motivasjon og informasjon Seminaret på Gardermoen blir startskotet for arbeidet med å lansere strategien utover i LfS.

Alle tiltaka som skal settast i gang i dei næraste to, tre åra blir presentert. På seminaret blir informasjon og motivasjon dei viktige stikkorda. Det er krevande for LfS å gjennomføre dette arbeidet, og mange vil nok stille spørsmål med kva det vil kreve av ressursar:

- Vi er fullstendig klar over at det blir tøft. Men vi er fast overbevist om at retninga no er rett, og at ressursbehovet vil løyse seg med hardt og målretta arbeid, seier Magnar Sundt. - Det finst endå meir å hente ut av posen, både av tiltak og vyer. Det var i utgangspunktet etterlyst eit nytt namn på organisasjonen? Det måtte komme som eit resultat av denne prosessen, og det er ikkje utenkjeleg at det ligg eit nytt forslag på bordet i oktober. Men kva med sjølve organisasjonsstrukturen?

- Diskusjonen om dette spørsmålet kjem til å bli løfta fram på Gardermoen, slik at vi eventuelt kan ha ein prosess som også omfattar årsmøtet i november, seier Sundt.- Fokuset for LfS vil alltid vere tradisjonane. Det er fundamentet for alt arbeid i organisasjonen. I strategiprosessen har vi diskutert korleis vi skal knyte saman det kunnskapsarbeidet som blir gjort i folkemusikken: Samanhengen mellom kjelder, folkemusikkarkiv, lag, artistar og forskingsinstitusjonane. Eit anna viktig fokus er å auke kompetansen til dommarar. Her kan det sikkert vere beho for nytenkjing. Mange har etterlyst støtteprogram for dei musikalske og dansefaglege leiarane ute i laga. Mange av dei musikalske leiarane føler at det har eit stort ansvar både for det musikalske og sosiale, og somme veljer å trekke seg fordi presset er for stort. Kjente hardingfelespelarar på folkemusikkpøbb. Dette kan bli ein ny trend i formidlinga av norsk folkemusikk.

2. -3.oktober er altså datoar alle medlemslag i LfS bør sette av. Då samlast flest muleg av organisasjonens medlemmer til strategiseminar. Seminaret er lagt til Quality Airport Hotell på Gardermoen, lett tilgjengeleg frå alle landets kantar. Seminaret startar kl.13.00 på laurdag og sluttar på tidleg ettermiddag søndag.

- No skal vi pakke ut og finslipe strategien for norsk folkemusikk i åra som kjem, og det må alle vere med. Vi oppfordrar sterkt til at alle lag sender ein eller fleire deltakarar, men også enkeltmedlemmer som er interesserte i å følgje prosessen vidare må melde seg på, seier dagleg leiar Magnar Sundt.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden

Elin Aamodt - halvfigur, farger (Foto: gramart.no)

Vil fjerne IFPI og FONO fra forhandlingsbordet

Artistene ønsker GRAMO som felles forhandlingspartner med NRK. Det vil ikke plateselskapene gå med på. Les mer om dette

illustrasjon mynt

Ingen utbetaling

GramArt og MFO forventer at uteblitt vederlag fra 2009 og 2010 snarest utbetales av IFPI-selskapene.Les mer om dette

Gisli (Foto: last.fm/music/Gisli)

Ofrer halvparten

Små norske forlag må gi fra seg halvparten av rettighetene for å kunne lansere artister utenlands.Les mer om dette

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · ballade@mic.no
Redaktør Espen A. Eik · espen@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten