Kulturmeldinga om PNEK og elektronisk kunst

- Elektronisk baserte kunstuttrykk reiser eit sett av nye utfordringar. Tiltak for dokumentasjon, bevaring og formidling må vurderast særskilt, skriv Kultur- og Kirkedepartementet i Stortingsmeldinga om Kulturpolitikk fram mot 2014. Innkjøp, arkivering, synleggjering av produksjonstilhøva, etablering av distribusjonssystem, utvikling av dokumentasjon og kunstkritikk er nokre av stikkorda.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

PNEK - fra prosjektet RAM

Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Del 10.7: Elektronisk kunst 

PNEK (Produksjonsnettverk for elektronisk kunst) er eit fireårig prosjekt finansiert av Norsk kulturråd. PNEK legg til rette for kunstprosjekt og fagleg utveksling mellom aktørane i nettverket, Atelier Nord, BEK (Bergen Elektroniske Kunstsenter), NOTAM (Norsk Nettverk for Teknologi, Akustikk og Musikk) og TEKS (Trondheim Elektroniske Kunstsenter). Atelier Nord og NOTAM er tiltak som får støtte som faste tiltak forvalta av Norsk kulturråd (kap. 320 post 74). Siktemålet er å tryggja ei basisfinansiering for BEK og TEKS, også etter at prosjektperioden er over.

Det er utarbeidd ein rapport over det elektroniske kunstfeltet i Noreg innanfor rammene av eit nordisk samarbeidsprosjekt. I samband med rapporten vart det gjennomført ei spørjeundersøking i regi av PNEK. Rapporten gjer framlegg om ein del strategiar og område der ei satsing på feltet bør koma. Mellom desse er innkjøp, arkivering, synleggjering av produksjonstilhøva, etablering av distribusjonssystem, utvikling av dokumentasjon og kunstkritikk, styrking av samarbeidet mellom dei etablerte sentra og dei frie miljøa. Dessutan vert det tilrådd at nordisk og internasjonal utveksling og samarbeid vert utvikla vidare. Rapporten slår fast at feltet er prega av høge driftskostnader og stadig utskifting av teknisk utstyr, og at eit utvida samarbeid om det teknisk-administrative nettverket vil vera tenleg for heile feltet. Departementet vil i samarbeid med dei aktuelle aktørane sjå nærare på korleis dette kan følgjast opp på ein tenleg måte.

Made.no har med støtte frå Norsk kulturråd sett seg som mål å få fram eit oversyn over kva som finst av elektronisk baserte kunstverk (video, datakunst m.m.) frå dei siste 25 åra. Den informasjonsteknologiske utviklinga er med på å vanskeleggjera bevaringa av slike uttrykk, særleg for dei tidlegaste verka. Prosjektet i regi av Made.no vil òg gje oversyn over kostnadene ved bevaringsarbeidet. Resultata av dette arbeidet vil venteleg liggja føre i løpet av 2003. Kultur- og kyrkjedepartementet vil på bakgrunn av resultata kunna vurdera tiltak for bevaring og formidling på dette feltet. I denne samanhengen kan det vera aktuelt å oppretta ein database og/eller ein nettstad i regi av ein aktuell institusjon, eventuelt i samarbeid med Nasjonalmuseet for kunst, Nasjonalbiblioteket eller andre.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden

I dreamt I was a real boy, utstillingsopning (Foto: Rockheim)

Kjønnede kvinner og universelle menn

ANMELDELSE: Ved å fokusere på kontekst, mottagelse og historieskrivning unngår Rockheim den litt utdaterte holdningen å la biologisk kjønn være eneste kuratoriske rammeverk, skriver Margrete Abelsen om utstillingen «I Dreamt I Was a Real Boy».Les mer om dette

17. mai i Seljord

Marsj på eigne vegar

I Seljord er lyden av 17. mai eit korps og eit spelemannslag som marsjerer med ny musikk.Les mer om dette

Julian Skar

En femte løsning

Musikken har ulike måter å illustrere konflikter på. Komponist Julian Skar ønsker å utforske både konflikter og ulike utfall av dem i musikken sin.Les mer om dette



Ballade · Kongens gate 24 , 0153 Oslo
  Redaktør Ida Habbestad · ida@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten