- Det nødvendige i å vandra vidare

Mens Festspela enno syng mellom dei sju fjell, leitar aktørar, kritikarar og publikum etter møtestader, etter romma for det opne, utforskande og utvekslande. Der erfaringar kan bli prøvd ut, diskuterte og korrigerte. Ballades Solveig Grødem Sandelson fann fram til komponisten Knut Vaage, ein av dei utvalde norske samtidskomponistane som er representerte i årets program. - Festspela må fortsetja å vera ei drivkraft for å få ting til å skje, også i den nye kunstmusikken, seier han. - For å bruka direktørens eigne ord, døyr eit språk, skjer eit kulturtap.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Knut Vaage (Foto: Lisbeth Risnes, MIC)

Av Solveig Grødem Sandelson

Det kan nok vera at det er ganske typisk, dette. Norsk journalist snakkar med norsk samtidskomponist om musikk ho sjeldan, og bare nokså sporadisk har høyrt. Det er ikkje så mange arenaer for denne musikken, den kjem frå ei marginalisert kunstnargruppe, ei gruppe som likevel insisterer på å la sin kunstnarstemme høyrast, som stadig og nokså intenst nektar å bli dytta ut av forteljingane og samtalane om kultur. Begynner vi i tillegg å snakka om kor vondt og vanskeleg vi har det, alle vi som jobbar på kulturfeltet i dette landet, om alle dei pragmatiske, fjellstøe grunnane til at det er slik, nærmar vi oss verkeleg stereotypen av alle sånne møte. Så er det kanskje ikkje så rart at bølgjene foraktfullt kommenterer situasjonen ved å sprøyta ramsalt sjøvatn oppover leggene til journalisten, mens ein bergensk gråspurv minst like respektlaust snur rumpa til for å gjera sitt fornødne på bordet vårt. Vi lar oss ikkje forstyrra, det er Festspel i Bergen, og komponisten Knut Vaages verk "Odyssé" er å finna på programmet. Begge delar skal snakkast om. Verket først, det er komponistens interpretasjon av Griegs opus 54, seks lyriske stykke. Kvifor er det enno interessant å setja Griegs lyriske stykke under lupa?

- Eg har forhaldt meg til Grieg heile livet, seier Knut Vaage. Har funne styrken, men også dei svake punkta, fallet. Det er heile tida små tema, i den småskorne ABA- forma, i harmoniske celler, i det avgrensa materialet. Det store dramaet kjem aldri, han er konsistent. Og radikal, han blir aldri opptatt av det pompøse, i dagbøkene hans kan ei sjå at han forakta Liszt og Strauss, han unngjekk det storslåtte. Men han fekk det heller ikkje til, slik er både det vellykka og det mislykka interessant, han har ei kjerne, Grieg, den slepper han aldri. For meg blei dette eit forskningsprosjekt. Eg ville visa at opus 54 ikkje bare er ei laus samling småstykke, men eit verk. Eg vil frysa forma i verket, halda fram den radikale dramaturgien, den er skeiv, den passar slett ikkje inn, den minner meg om Olav H. Hauges former og haldningar til sine eigne verk. Innanfor den smålege ABA-forma går Grieg ut av det rasjonelle, han sprengjer seg ut av alle rimelege grenser, legg toppar av raseri og gale utbrot, to toppar rett etter kvarandre, før det lyriske får fri flyt. Dette skeive er for meg det menneskelege. Kanskje kan det oppfattast som respektlaust å halda fram desse sidene hos Grieg, men eg trur faktisk nordmenn flest toler det, dei vil ikkje bare ha Grieg som urørt nasjonalsymbol.

Les ein verkbiografien din på tvers, finn ein mange titlar som slektar på "Odyssé", som "Transit", "Continue" og "Movements". I tillegg til det reint innlysande i at musikken alltid ligg bevegelsen nær, fortel dette noko om ei meir grunnleggjande, kunstnarisk haldning hos deg?

- Det har eg ikkje tenkt på sjølv. Men det høyrest riktig ut. "Transit" skildrar ein overgangstilstand, musikalsk, sjølvsagt, men også meir kvardagsleg, som livet på ein flyplass. Eg er opptatt av korleis det faktisk er å vera her, korleis det er for oss, dette livet. "Movements" er rett og slett eit ordspel, det er både satsar og stemningar, bevegelsar. Men det er også ein leik med tradisjonen. Musikken min er ofte betraktningar over noko som alt er gjeldande, eg finn ofte energi der, noko som får meg vidare. Tittelen "Continue" trekkjer jo bevegelsen fram i dagen, verket spelar på eit sitat frå Baudelaire: "Men de var drevet av en uimoståelig trang til å vandre videre". Det er ein slags tvangsmessig bevegelse, ein må gå lengre enn ein vil. Eg trur jammen ikkje vi hadde bevega oss mye, om vi ikkje på eit eller anna vis kjende oss tvungne til det. Improvisasjon er eit fenomen som tvingar meg til bevegelse, til å halda meg mjuk i forhald til mitt eige materiale, ein kan ikkje venta, halda igjen til ein er sikker på at det er akkurat dette ein vil seia.

Festspeldirektøren haldt fram kommunikasjon og grenser for kommunikasjon som eit tema i si opningshelsing til årets festspel, ho talte om det unike ved kvar enkelt språk, at det difor skjer eit kulturtap kvar gong eit språk blir borte. Og om det grenseoverskridande kunsten evnar å formidla, på tvers av slike språklege grenser. Kor finn norske komponistar opningar for kommunikasjon med publikum, med si samtid?

- Vi treng hjelp! Av festivalane, vi treng dei uformelle samtalane og møteplassane festivalar kan skapa, vi treng den felles grunntonen vi kan finna der, der ein mellom ulike grupper opent kan snappa opp impulsar og lufta tankar og idéar. I våre eigne festivalar, som Autunnale, Ultima, Ilios og Music Factory er desse møtestadene noko av det viktigaste for fagmiljøet. Eg skulle ønskja vi kunne få vera med å bidra sterkare til noko slikt også ved Festspela i Bergen. Språket eg er ein del av, samtidsmusikken sitt, ser ut til å bli tona ned. For å bruka direktørens eigne ord, døyr eit språk, skjer eit kulturtap. Festspela må fortsetja å vera ei drivkraft for å få ting til å skje, også i den nye kunstmusikken, også i det norske samtidsmusikkspråket.

For ein publikummar er kanskje noko av det mest spennnande med Festspela i Bergen at dei hentar hit artistar, førestillingar og kunstuttrykk ein aldri sjølv hadde klart å finna fram til eller kome på å oppsøkja. Er ikkje det interessante innspel, også for norske komponistar?

- Det er kjempeinteressant, det er heilt flott, å høyra ein artist som Bobby McFerrin her er verkeleg fantastisk. Festspela skaffar utruleg mange flotte førestillingar til byen, særleg er programmet interessant innanfor teater og dans. Eg vil ikkje ha det vekk, eg vil ha inn eit lite tillegg. For slik musikkprogrammet framstår nå, etter at Music Factory er ute, blir det veldig lite rom for den nye kunstmusikken.

I årets program synes det som om det nye først og fremst kjem til uttrykk i møta med det for oss ukjende, geografisk eller kulturelt, eller ved å la ulike kunstuttrykk møtast. Det er allereie eksisterande forteljingar på nye eller uventa måter og stader. Mens det uhøyrde, det nettopp skapte, har fått ein meir perifer plass. Har det ein kallar "Ny Musikk" gått ut på dato?

- Eg forstår ikkje kva som er kjedeleg og gammaldags med det. Vi er kanskje ikkje særleg trendy akkurat nå, men det betyr ikkje at vi ikkje utgjer ei viktig kunstnarisk stemme. Festspela har spelt ei viktig rolle for denne musikken, eg oppfordrar dei til å fortsetja å utforskaogså dette feltet. Det må skapast ny musikk. Elles stoppar bevegelsen.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!


Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til

Siste fra forsiden

Fra Musikk i tall 2012 (Foto: Norsk kulturråd/Rambøll Management Consulting)

Musikk i tall

I dag presenteres tall for norsk musikkbransje fra 2012, første steg mot en årlig statistikk. Les rapporten her.Les mer om dette

Andreas Meland (Foto: Haakon Nordvik)

Strømme, eller ikke?

Lave inntekter fører fortsatt til at noen holder repertoar tilbake fra strømming. Mens Kirkelig Kulturverksted bremser, returnerer lille Hubro til strømmeuniverset.Les mer om dette

Erik Hillestad (Foto: kkv.no)

Hillestad i pluss

Kirkelig Kulturverksted slutter med å finansiere innspillinger. Dermed går selskapet i pluss i 2013.Les mer om dette




Siste om kunstmusikk

04.04.2014

Kirkestemmer


Ballade · Kongens gate 24 , 0153 Oslo
  Redaktør Ida Habbestad · ida@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten