Norsk folkemusikk- den nye eksportartikkelen til USA

Medan mediaprofilerte MIDEM i år gjekk utan showcases med norske musikarar, reiser Norsk Folkemusikkformidling 3. - 9. februar saman med duoen Bruvoll/Halvorsen til Nashville, Tennessee, og Folk Alliance Conference for å marknadsføre norsk folkemusikk. I tillegg til showcases og stand på Nord-Amerikas største messe for folk- og rootsmusikk, blir det tid til ein avstikkar og konsert på Millennium Stage ved Kennedy Center i Washington DC.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Bruvoll/Halvorsen, 2003

Tore Bruvoll og Jon Anders Halvorsen skal vanleg bidra til å vidareføre suksessen frå WOMEX i Tyskland i fjor haust, der den norske folkemusikken og eksport av norsk "verdsmusikk" blei sett i sentrum av fleire tunge aktørar med Norsk Folkemusikkformidling i brodden. Det er for øvrig tredje året Norsk Folkemusikkformidling er representert på Folk Alliance, der ein tidlegare har kunne høyre Hallvard T. Bjørgum og Kvarts.

Bruvoll/Halvorsen sjølv har det siste året nytt stor merksemd kring om på festivalar og spelingar både i Noreg og i utlandet. Særleg stor har interessa vore i Tyskland, der dei har tilbod om plateinnspeling og turne-verksemd. Også i England er interessa stor. 21. januar var Jon Anders gjest hos Fiona Talkington i "Late Junction" på BBC 3, der han mellom anna presenterte musikk frå duoen sin siste promo-CD.

4. februar er Bruvoll/Halvorsen, slik KVARTS var i fjor, invitert til å gi konsert på den populære Kennedy Center Millennium- scena i Washington. Konserten blir web-kringkasta direkte over internett tysdag 4. februar kl. 18 lokal tid (kl 24.00 norsk tid), og opptaket kan seinare hentast fram frå arrangøren sitt arkiv. Nytt i år er at duoen spelar åleine denne kvelden, og altså er hovudattraksjon. Onsdag kveld er det danskane som gjer inntog på millenniumsscena, med gruppa Phønix.

Bruvoll og Halvorsen gjev vidare tre presentasjonskonsertar under Nordic Nights 6., 7. og 8. februar under North American Folk Music and Dance Alliance sin årlege konferanse. Arrangementet består av konsertar/showcases, seminarer og utstilling/messe, og er den største møtestaden for utøvarar, mediefolk, journalistar, plateselskap, agentar, promotørar, arrangørar m.v. innan folkemusikk i Nord-Amerika. Bruvoll/Halvorsen utgjer saman med Phønix (DK) og Bazar Blå (S) dei nordiske innslaga under Nordic Nights.

Nordic Nights vert arrangert av danske Folkemusikens Fælles Sekretariat, svenske Rikskonserter og Norsk Folkemusikkformidling. Desse skal også ha felles stand for å presentere nordisk folkemusikk og Folkemusikkatalogen. Du kan lese meir om Bruvoll og Halvorsen her, og ellers på denne sida frå Norsk Folkemusikkatalog, der dei var Månadens Artist i juni 2002.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden

Gisli (Foto: last.fm/music/Gisli)

Ofrer halvparten

Små norske forlag må gi fra seg halvparten av rettighetene for å kunne lansere artister utenlands. Dette hemmer inntektsflyten tilbake til Norge.Les mer om dette

Fra allmøte på Martinique om øvingslokaler i Stavanger, onsdag 8. februar 2012 (Foto: Linn Carin Dirdal)

Allmøte i Stavanger

Er øvingslokaler kommunens ansvar, eller er det en næring det skal lønne seg å satse på?Les mer om dette

Fra sorgen i Makedonia da Grand Prix-deltakeren Toše Proeski døde. Det har nå oppstått en nærmest relgiøs kult rundt artisten, mener religionsviter Dag Endsjø. (Foto: Ana Karenina / Flickr.com)

Guuud a’ meg!

Synes du Melodi Grand Prix er et lite helvete? Faktum er at konkurransen til tider har vært rene misjonsmarken.Les mer om dette

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · ballade@mic.no
Redaktør Espen A. Eik · espen@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten