Offensiv start på det nye året for NFD

Norsk Folkemusikk- og Danselag har tilsett Ola K. Berge i den nyoppretta stillinga som prosjektmedarbeidar i Norsk Folkemusikkformidling (NFF). Arbeidet knyter seg til formidling av utøvarar, tilrettelegging av program for oppdragsgjevarar samt marknadsføringstiltak i inn- og utland. Utøvarane - spelemenn, dansarar og grupper- hentar han frå den etter kvart særs omfangsrike Norsk Folkemusikkatalog. I tillegg vil det bli ei viktig oppgåve å utvikle kontakt med nye arrangørar.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Ola K. Berge (Foto: Solveig Ertresvaag Espeland)

- Nokre gode arrangørkontakter finnast, og dei skal me pleie godt, andre og nye har mykje godt i vente, seier Berge, som nå er på plass i Musikkens Hus i Oslo.
Han vil leggje vekt på å bli synleg i miljøet og å halde tett kontakt med utøvarane.

- Det er viktig at både Norsk Folkemusikkatalog som heilskap og den einskilde artisten blir profilert. Her har også utøvarane eit ansvar. NFF, som er NFD sin arrangør og formidlingsorganisasjon, skal vere ein motor og inspirator i tillegg til å vere eit bindeledd til konsertarrangørar, men dette er ikkje mogleg utan eit aktiv utøvarmiljø, seier han vidare. Han legg til at han har stor tru på eit slikt konstruktivt samarbeid, i og med at utøvarane alt i utgangspunktet har vald å melde seg inn i katalogen.
- Dette syner ein vilje til å kome ut og fram, noko me er avhengige av dersom folkemusikken skal synast i det totale musikklandskapet. Det vil ikkje berre vere med på å skape ein større etterspurnad, men også generere betre rekruttering totalt til spel- og dansemiljøet, seier han. Berge peiker konkret på ein situasjon der det blir viktigare og viktigare å oppsøker ein marknad, i staden for å vente på at marknaden skal kome. Han meiner at det i denne kvardagen, om ein likar den eller ikkje, blir viktig å kunne tilby artistar som er medvetne i høve til å syne seg fram.

- Om ein er tradisjonell kvedarsolist eller ei folkemusikkgruppe i moderne tapping, spelar i og for seg ikkje noko rolle, marknaden er der for både sjangrar. Det viktige er at ein gjer seg tilgjengeleg. Konkret tyder dette at artistane i katalogen er på hogget i forhold til meg som skal formidle desse. Eg treng livsteikn i form av dei siste og beste innspelingane, pressemeldingar osb. Det er lettare å "tale varmt" for noko eg veit er i framdrift, i møte med ein oppdragsgjevar. Slik kan ein også gjere seg attraktiv for andre marknadsføringstiltak i regi av NFF, hevdar Berge. Slike tiltak er til dømes deltakinga i Celtic Connections-festivalen i Glasgow og Folk Alliance-konferansen i Jacksonville, Florida, i februar. Både desse møteplassane for verdsmusikk, er utstillingsvindauge for også den norske folkemusikken. Det seier seg sjølv at det i ein slik samanheng er viktig å presentere utøvarar som har noko på hjartet.


- Det er viktig å også nå ut til dei ulike arrangørane, og å få dei i tale, seier Berge. Han seier at som premissleverandør for utøvarane, er det viktig å på same tid lyde på kva dei har å seie, men også freiste å "oppdra" dei til beste for folkemusikkulturen. Han meiner det er eit spørsmål om å gje og ta. Dette er på same tid ein viktig strategi i møte med media.
- Det gjeldt å vere fleksibel, utan å misse eigenart, meiner han, og legg til at NFF si haldning til dette sjølvsagt er ein del av ein felles strategi som NFD til ein kvar tid legg retningsliner for. Det vert ikkje snakk om nokre sololøp i dette arbeidet forsikrar han.

Ola K. Berge som er Tinndøl, er sylvsmed av yrke. Dette er ei verksemd han vil drive vidare i halv stilling ved sidan av arbeidet for NFF. Han har brei bakgrunn og kontaktnett frå folkekulturarbeid, m.a. som spelemann, student ved folkemusikk- og metallina ved Akademiet i Rauland og arbeid ved Valle vgs. Han har i også erfaring med næringsutvikling frå prosjekt i regi av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND.

Interesserte kan nå Ola K. Berge på NFD- kontoret:

Norsk Folkemusikkformidling
Tollbugt. 28,
0157 Oslo

Tlf.: 22 42 02 94
Fax: 22 42 32 08

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden

Elin Aamodt - halvfigur, farger (Foto: gramart.no)

Vil fjerne IFPI og FONO fra forhandlingsbordet

Artistene ønsker GRAMO som felles forhandlingspartner med NRK. Det vil ikke plateselskapene gå med på. Les mer om dette

illustrasjon mynt

Ingen utbetaling

GramArt og MFO forventer at uteblitt vederlag fra 2009 og 2010 snarest utbetales av IFPI-selskapene.Les mer om dette

Gisli (Foto: last.fm/music/Gisli)

Ofrer halvparten

Små norske forlag må gi fra seg halvparten av rettighetene for å kunne lansere artister utenlands. Dette hemmer inntektsflyten tilbake til Norge.Les mer om dette

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · ballade@mic.no
Redaktør Espen A. Eik · espen@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten