Urban Connection på turné

Jazzorkesteret Urban Connection slapp i april si debutplate, som vart godt motteken av kritikarane. Bandet skal no vitje ein rekke land i Norden og Baltikum.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Urban Connection

Urban Connection, som vart kåra til årets unge norske jazzmusikere i 1998 og uoffisielle europameistarar i Avignon-Frankrike i fjor sommar, er no på ein etterlengta turne. I samarbeid med Vatlestad ans har ein lagt opp ein Norden/Baltikum-turne som ein er midt inne i første del av.

Urban Connection har til no vitja Trondheim, Tønsberg, Oslo og Island, der dei spelte dei tre konsertar. Turneen går no vidare til Baltikum:

3. mai: Vilnius Jazzclub i Litauen
4. mai: Hotel Wesenbergh i Rakvere-Estland
5. mai: Anglican Church-Riga Jazzfestival i Latvia
6. mai: Gallerii Illegaard i Tartu-Estland

Turneen held fram i august med Grønland, Færøyane, Danmark, Sverige, Finland og Åland. Turneen er støtta av Utanriksdepartementet, Nordisk kulturfond, Norsk kulturfond og NOMUS.

I samband med turneen har Urban Connection og slept sin første cd, "Urban Connection", som har motteke strålande kritikkar. Bandet Urban Connection starta opp i 1996, i samband med eksamenskonsert på jazzlinja ved Musikkonservatoriet i Trondheim.Bandet speler moderne jazz med røter i den musikken som utvikla seg i New York i be-bopens kjølevann på 60-tallet. Dei komponerar sjølv det meste av materialet.

Urban Connection er Frode Nymo (saxofon), Håkon M. Johansen (trommer) og Steinar Raknes (kontrabass).

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden

Elin Aamodt - halvfigur, farger (Foto: gramart.no)

Vil fjerne IFPI og FONO fra forhandlingsbordet

Artistene ønsker GRAMO som felles forhandlingspartner med NRK. Det vil ikke plateselskapene gå med på. Les mer om dette

illustrasjon mynt

Ingen utbetaling

GramArt og MFO forventer at uteblitt vederlag fra 2009 og 2010 snarest utbetales av IFPI-selskapene.Les mer om dette

Gisli (Foto: last.fm/music/Gisli)

Ofrer halvparten

Små norske forlag må gi fra seg halvparten av rettighetene for å kunne lansere artister utenlands. Dette hemmer inntektsflyten tilbake til Norge.Les mer om dette

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · ballade@mic.no
Redaktør Espen A. Eik · espen@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten