Statsministeren til Vossajazz

Det er regelen at politikarar opnar festivalar, men det har vel knapt hendt at ein norsk statsminister er artist på ein konsert. Statsminister Jens Stoltenberg deltek på konserten «Opning», der Gabriel Fliflet, Ole Hamre og Knut Reiersrud har invitert den serbiske folkesongaren Stanisa Stosic, Kari Bremnes, Berit Opheim, Kolbein Falkeid og Dagblad-spaltisten Ljubisa Rajic til eit konsertprosjekt som set balkansk musikk i framgrunnen.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Tanken til Fliflet og Hamre er at ein gjennom denne konserten skal gjennomføra ei gjenopning av dei relasjonane som på mange vis og felt har vore der, men som dei siste års hendingar har sett i skuggen. Konserten skal ikkje på noko vis ha eit konkret politisk innhald, men berre la det vakre og tidlause i musikken saman med dei gode menneskelege røynslene vera med å skapa opning i vid forstand.

Statsminister Jens Stoltenberg hadde deler av barndommen sin i Jugoslavia, og Ljubisa Radjic har bakgrunn som student ved Universitetet i Oslo. Dei kan båe gje oss bilete frå ein erfaringsbakgrunn som er prega av positive opplevingar. Slik sett går desse bidraga rett inn i kjernen ved dette prosjektet. Stoltenberg og Rajic vil koma att på tampen av konserten og saman med Ivar Kvåle og Per Indrehus stå for den offisielle opninga av Vossa Jazz til tonane av «Heime på steinane».

Fliflet, Hamre og Reiersrud har allereie bak seg to dagar øving og arrangering der utgangspunktet har vore deira eigne komposisjonar og arrangement og musikken til Stanisa Stosic.

Billettsalet er godt igang, og festivalleiinga kan melda om stor interesse for mange konsertar, og dei oppmodar folk som har tenkt seg på Voss i Palmehelga om å vera raskt ute med tinging av overnatting. Det blir som vanleg trongt i herberget på Voss i Palmehelga.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden

Tou Øvingspark (Foto: touscene.com)

– Politikerne har sviktet oss

I løpet av året kan 100 musikere i Stavanger ende opp uten øvingslokaler. Lovede løft er utsatt på ubestemt tid.Les mer om dette

Anders Beyer (Foto: Ole Christiansen )

Anders Beyer ny direktør i FiB

Dansken overtar Festspillene i Bergen 1. august.Les mer om dette

Fra prosjektet

Improviserte øyeblikk

Komponist og professor II Magnar Åm mener folk nå lytter for å sette terningkast. Det vil han endre på. Les mer om dette

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Tel: 2327 6300 · Fax: 2327 6301 · ballade@mic.no
Redaktør Espen A. Eik · espen@ballade.no
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten