NMF Nordvest

Hjemmeside: https://musikkorps.no/

Norges Musikkorps Forbund (NMF) er ein av dei største frivillige kulturorganisasjonane i landet med om lag
60 000 medlemmer fordelt på 1 600 korps. NMFs verdiar er: Inkluderande, inspirerande og engasjert. NMFs visjon er: Alle snakkar korps. Årleg omsetnad er om lag 70 mill. kr.

NMF har 51 tilsette, fordelte på hovudkontoret i Bergen og 8 regionkontor.

NMF Nordvest har totalt 217 korps og 6 994 medlemmer.

Dagleg leiar - vikariat

Dagleg leiar i NMF Nordvest (Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal) skal ut i permisjon. NMF treng vikar for henne i perioden 1. februar 2018 til 31. desember 2018. Regionkontoret er plassert i Molde.

Kontoret har i dag dagleg leiar og musikkonsulent i heile stillingar, ein seniorkonsulent og ein nasjonal drillkonsulent i deltidsstillingar (nasjonale oppgåver).

Dagleg leiar:
– har ansvaret for alle administrative oppgåver
– legg til rette for og koordinerer det frivillige arbeidet i organisasjonen
– har personalansvar for regionen
– har ansvaret for planlegging, koordinering og gjennomføring av nasjonale og regionale oppgåver
– har økonomiansvar (budsjett og rekneskap for regionen)
– er saksførebuar og sekretær for regionstyret og deltek i regionstyret sine møte
– har ansvar for kontakt med og oppfølging av kommune- og fylkesadministrasjonar
– deltek i nettverk i NMF
– deltek i interne og eksterne møte etter behov med delegert ansvar frå generalsekretær

Vi ser etter ein person som har:
– utdanning frå høgskule eller universitet som er relevant for stillinga. Relevant arbeidserfaring kan kompensere manglande formell utdanning
– erfaring som leiar, gjerne frå frivillig sektor
– evne og vilje til samarbeid og til å motivere og inspirere medarbeidarar
– gode resultat i tidlegare arbeid
– erfaring med økonomistyring og prosjektleiing
– kunnskap om / erfaring frå kulturfeltet
– fokus på nettverksbygging, primært i regionen.
– god oversikt over støtteordningar og evne til å skaffe inntekt frå eksternt hald
– god kjennskap til korps og korpsrørsla
– eit bevisst forhold til god kvalitet
– god munnleg og skriftleg formuleringsevne.

Vi kan tilby
– kreativt og inkluderande arbeidsmiljø
– gode høve til i eiga utvikling
– dyktige kollegaer og utfordrande arbeidsoppgåver

Personlege eigenskapar, erfaring frå korps og god kjennskap til arbeid i ein frivillig organisasjon vil bli tillagt vekt. Søkjar må ha førarkort og disponere bil. Ein må rekne med noko helgearbeid og reising i heile regionen.

Dagleg leiar rapporterer til generalsekretær og vil vere ein del av NMF si utvida leiargruppe

Løn og tilsetting etter avtale.

Søknad skal sendast med CV – Mrk: Dagleg leiar i NMF Nordvest

Søknad: arne@musikkorps.no

Spørsmål om stillingen, kontakt: Karl Ole Midtbø , generalsekretær, på telefon 901 41 611
Ingrid Sofie Nygaard , dagleg leiar, på telefon 982 41 184