Griegakademiet

Hjemmeside: http://www.uib.no/

Griegakademiet – Institutt for musikk, er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen som samlar leiande fagmiljø og tilbyr forskingsbasert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette.

Førsteamanuensis i komposisjon

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis (100 %) i komposisjon. Tilsetjing er ønska frå 1. januar 2018.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde
Vi søkjer ein førsteamanuensis til undervisning og kunstnarleg utviklingsarbeid i eit tverrfagleg miljø. Stillinga er relativt open med omsyn til eigen kunstnarleg profil.

Den som vert tilsett må ha ein internasjonal kunstnarleg profil og vere motivert og kvalifisert for å arbeide i tverrkunstnarlege kontekstar og prosjekt. Det er også viktig å vere drivkraft i arbeid med studieplaner på både bachelor-, master –og ph.d.-nivå.

Griegakademiet – Institutt for musikk
Griegakademiet – Institutt for musikk samlar sterke og internasjonalt akta fagmiljø. Vi vektlegg møtepunkt mellom kunstnarlege disiplinar, musikkvitskap, musikkterapi, musikkpedagogikk og andre universitetsfag. Våre fagmiljø har utstrekt samarbeid med lokale og regionale kunst- og kulturinstitusjonar. Fagmiljøet i musikkterapi samarbeider i tillegg med fag- og forskingsmiljø knytte til helse, omsorg og oppvekst.

Forskingsverksemda vår er kjenneteikna av samspel mellom ulike kunnskapsformer og -tradisjonar. Kunstnarleg utviklingsarbeid er etablert som kunnskaps- og arbeidsform på line med anna forsking ved UiB. Fagmiljøa våre trekker til seg internasjonale studentar og forskarar, og vi legg vekt på at studentane kan gjere individuelle val i studieløpa sine. Studio og ein stor instrumentpark har ein sentral plass i arbeids- og læringsmiljøet vårt.

Fagmiljøa innan kunst og design vil i 2017 bli samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet – Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
– gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid/ph.d. på aktuelt fagområde eller dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå, og med ei særleg fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen. I bedømming av samla kunstnarleg produksjon vil det bli lagt særskild vekt på søkjaren sin kunstnarlege aktivitet dei siste 5-10 åra.
– dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også måtte halde ei prøveførelesning for instituttets stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på
– reflekterte haldningar til- og visjonar for kunstnarleg utviklingsarbeid
– evne til å sjå fagområdet i eit overordna/samfunnsmessig og teoretisk perspektiv
– gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
– perspektiv på høgare musikkutdanning
– organisatoriske evner og erfaring

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kan òg vere engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Søkjarar som ikkje kan dokumentere pedagogisk basisutdanning før tilsetjing vil få tilbod om opplæring.

Vi kan tilby
– løn etter lønssteg 60 – 65 (kode 1011/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 517.700 – 569.000. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
– eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
– medlemskap i Statens pensjonskasse
– stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
– gode velferdsordningar

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Fordeling av arbeidstida går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som blir utarbeidd i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.

Søknaden skal innehalde
– CV
– vitnemål
– attestar
– materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd
– liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

Søkaren må gjere greie for kvalifikasjonane sine knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkjaren gjer tydelig greie for sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenkje på denne sida. Last opp alle vedlegga som separate filar. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du lastar dei opp.

Andre opplysingar
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskapelige stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Fakultetet kan tilby ein interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglige utfordringar og gode samarbeidsforhold.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Frode Thorsen på tlf. + 47 – 55 58 69 79.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Se stillingsteksten