Griegakademiet

Hjemmeside: http://www.uib.no/

Om Fakultetet
Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) samlar leiande fagmiljø som tilbyr forskingsbasert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Vi utviklar kunnskap gjennom forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid. Vi utdannar framtidas kunstnarar, designarar, utøvande musikarar, komponistar, musikkterapeutar, musikkvitarar, kuratorar, musikk- og kunstpedagogar. Vi samarbeider med relevante institusjonar, lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (kunst, musikk og design) med ein felles administrasjon. Institutta har stipendiatar som er knytte til Program for kunstnarisk utviklingsarbeid (PKU) og ph.d.-programmet til UiB. UiB arbeider også med å få på plass eit nytt kunstnarisk ph.d.-program, som vil innebere ei ytterlegare styrking av forskingsmiljøet ved fakultetet.

Fagmiljøa i kunst og design vil i 2017 bli samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet – Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

Om Instituttet
Griegakademiet – Institutt for musikk samlar sterke og internasjonalt akta fagmiljø. Vi vektlegg møtepunkt mellom kunstnarlege disiplinar, musikkvitskap, musikkterapi, musikkpedagogikk ved KMD og andre universitetsfag. Våre fagmiljø har utstrekt samarbeid med lokale og regionale kunst- og kulturinstitusjonar. Fagmiljøet i musikkterapi samarbeider i tillegg med fag- og forskingsmiljø knytte til helse, omsorg og oppvekst.

Forskingsverksemda vår er kjenneteikna av samspel mellom ulike kunnskapsformer og -tradisjonar. Kunstnarleg utviklingsarbeid er etablert som kunnskaps- og arbeidsform på line med anna forsking ved UiB. Fagmiljøa våre trekker til seg internasjonale studentar og forskarar, og vi legg vekt på at studentane kan gjere individuelle val i studieløpa sine. Studio og ein stor instrumentpark har ein sentral plass i arbeids- og læringsmiljøet vårt.

Instituttleiar– Institutt for musikk

Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei stilling som instituttleiar (100 %) ved Griegakademiet – Institutt for musikk. Stillinga er ei åremålsstilling, tilsetjingsperioden er fire år, med høve til å søkje forlenging i inntil to nye periodar.

Vi ønsker deg velkomen som søkjar til ei spanande og utfordrande leiarstilling.

Instituttleiar har ansvar for den samla verksemda ved instituttet innanfor gjeldande rammer. Instituttleiar har personalansvar, HMS-ansvar og ansvar for forsking, utdanning og formidling. Instituttleiar leiar instituttrådet, rapporterer til dekanen og sit i fakultetet si leiargruppe. Det vert venta at instituttet skal vera ein sterk aktør innan musikk,både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å
– leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling, i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen.
– sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon.
– representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid.
– bidra til utviklinga av instituttet og fakultetet.
– skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø.
– leggje til rette for at prosessar er baserte på medverknad.
– sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar.
– arbeide målretta for ein betra kjønnsbalanse i dei vitskaplege stillingane ved instituttet.

Vi søkjer ein instituttleiar som
– har gode leiareigenskapar, erfaring frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing.
– er velkvalifisert, med førstekompetanse, i eitt av fagområda ved instituttet eller nærskylde fagfelt.
– har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet.
– I tillegg blir det lagt vekt på
god forståing for leiarrolla.
– ein motiverande og inkluderande leiarstil som stimulerer til gode resultat og eit godt og raust arbeidsmiljø blant tilsette og studentar.
-gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape tillit internt og eksternt.
– gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk.
– personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr
– interessante og utviklande leiaroppgåver.
– eit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø.
– løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475).
– medlemsskap i Statens pensjonskasse.
– stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
– gode velferdsordningar.
– støtte til leiarfunksjonen, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til dekan Frode Thorsen på epost: frode.thorsen@uib.no eller på telefon +47 55 58 69 79 /+47 414 79 223 eller til fakultetsdirektør Synnøve Myhre på e-post Synnove.Myhre@uib.no eller telefon +47 55 58 44 51/ +47 934 84 614.

Om rekruttering i statlege stillingar
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Universitetet i Bergen brukar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing. Vi gjer deg derfor oppmerksam på at opplysningar om deg som søkjer, kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom du ber om å bli unntatt offentligheita og vi gir deg avslag, vil du bli varsla om dette i forkant.

Slik søkjer du stillinga
Send søknad, CV som inneheld oversikt over utdanning og relevant arbeidserfaring og attesterte kopiar av relevante vitnemål og attestar elektronisk via lenkje.

OM SØKNADER
Søknader for denne stillinga skal registrerast i eit elektronisk skjema på jobbnorge.no
Du må fylle ut: Standard CV
Oppgi i søknaden kvar du først såg stillingsutlysinga.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Se stillingsteksten