Møre og Romsdal fylkeskommune

Hjemmeside: http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon – i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket.

Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.

Kulturavdelinga er tilretteleggjar, pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar kulturminneforvaltning, kulturformidling, bibliotektenestar, folkehelse og fysisk aktivitet, rammevilkår for frivillig sektor og kreative næringar. Kultur- og folkehelseutvalet er hovudutval for sektoren.

Avdelinga drifter Eldrerådet og Råd for likestilling av funksjonshemma.

Avdelinga har 52 tilsette og eit bruttobudsjett på 230 millionar kroner.

Prosjektleiar Møremusikarordninga

Det er ledig eit engasjement i 100 % stilling som prosjektleiar i formidlingsseksjonen frå 01.09.2017 – 01.09.2019. Den som blir tilsett får eit særleg ansvar for utvikling og oppfølging av dei fast tilsette møremusikarane i fylket. I tillegg skal prosjektleiaren tilpasse, lære opp og forankre rutinar gjennom å modernisere og bruke digitale/ teknologiske løysingar som vil effektivisere kvardagen til den enkelte musikar.

Møremusikarordninga er ei profesjonell musikarordning som skal sikre gode musikktenester til kulturlivet i Møre og Romsdal. Stillinga sin hovudoppgåve vil vere å kartlegge og utarbeide ein oversikt over musikkfeltet, kundegrupper i fylket og avdekke utviklingsområder og potensiale i ordninga innanfor eksisterande rammer.

Den som blir tilsett må ha kunnskap og spesielt fokus på utvikling, merkevarbygging og sal av møremusikertenester i fylket.
Det må påreknast ein del reiseverksemd, og den som blir tilsett må disponere eigen bil. Den som tiltrer får moglegheit til å utvikle kunst- og kulturfeltet i eit attraktivt og vakkert fylke, både geografisk og kulturelt.

Arbeidsoppgåver
” Kontaktperson og ansvarleg for drift av den faste møremusikarordninga
” Kartlegge og lage oversikt over moglege kundegrupper i fylket
” Merkevarebygging, sal og marknadsføring
” Kundebehandling og musikarkontakt
” Utvikle dagens driftsmodell gjennom gode tekniske/ digitale løysingar
” Initiere utviklingsprosjekt i samarbeid med møremusikarane
” Samarbeide tett med vertskommunane og nettverka i fylket
” Utarbeide nye nettsider for møremusikarane i samarbeid med infoseksjonen

Kvalifikasjonar
” Høgare utdanning innan samfunnsfag, kunstfag, media eller marknadsføring
” Digital kompetanse
” Prosjektkompetanse
” Realkompetanse – erfaring/ interesse for musikkfeltet (sjangerforståing)
” Gjennomføringskraft og evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og systematisk
” Erfaring frå prosess- og omstillingsarbeid
” God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr
· Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling av best mogeleg tenester.
· Introduksjonsprogram
· Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
· Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
· Løn etter avtale

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement. Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.
For meir informasjon om Kulturavdelinga og formidlingsseksjonen sjå nettstad http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Monica Kjøl Tornes , ass. fylkeskultursjef, på e-post eller telefon +47 71280291 / 971 95 375
Lene E. Torgersen Mordal , rådgivar, på e-post eller telefon +47 71280322 / 482 96 853