Møremusikar - Møre og Romsdal fylkeskommune

Hjemmeside: http://www.mrfylke.no/

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon – i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket.

Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.

Kulturavdelinga
Kulturavdelinga er tilretteleggjar, pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar kulturminneforvaltning, kulturformidling, bibliotektenester, folkehelse og fysisk aktivitet, rammevilkår for frivillig sektor og kreative næringar. Kultur- og folkehelseutvalet er hovudutval for sektoren.

Avdelinga drifter Eldrerådet og Råd for likestilling av funksjonshemma.

Avdelinga har 55 tilsette og eit bruttobudsjett på 230 millionar kroner.

Bassist - rytmisk og improvisert musikk

Frå og med 01.09.2017 er det ledig 100 % fast stilling som bassist knytt til Møremusikargruppa “Fjord og Fjell” i Sunndal; ein kvartett som i hovudsak utviklar og spelar eigen musikk (kryssing av folkemusikk, jazz og rock) på skulekonsertturnear, festivalar, jazzklubbar m.m.

Gruppa er ein del av eit samla profesjonelt musikarnettverk i Møre og Romsdal – Møremusikarordninga – som skal sikre gode musikktenester til kulturlivet i Møre og Romsdal. Stillinga har base på Sunndalsøra, og har i den utøvande delen heile fylket som arbeidsfelt.

Den som blir tilsett må handtere både kontrabass og elbass, og det er viktig med bra gehør og evne til improvisasjon.
Møre og Romsdal fylkeskommune er arbeidsgivar for heile stillinga.

Arbeidsoppgåvene fordeler seg på 50 % utøvande og 50 % pedagogisk verksemd ved Sunndal kulturskule. Det er ein føresetnad at den tilsette må busette seg i Sunndal kommune eller omegn. Det må påreknast ein del reiseverksemd, og den som blir tilsett må disponere eigen bil.

Møremusikarane sel utøvande musikartenester til det frivillige kulturlivet samt til kulturinstitusjonane i fylket etter søknad.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til prøvespel og intervju i veke 26. Prøvespelet vil bestå i ei formidlingsøkt på 30 minutt der søkar presenterer eit program som viser det musikalske nivået, formidlingsevne og sjangerinteresse.

Arbeidsoppgåver
” Undervisning og anna pedagogisk verksemd i kulturskule
” Gjennomføre verkstadar, produksjonsarbeid og konsertverksemd i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule
” Instruksjonsoppdrag, alle typer konsertar, akkompagnering, arrangering og komponering
” Medverknad i profesjonelle ensembler
” Kulturelle innslag ved til dømes kurs, konferansar og møter
” Solistoppdrag, kursverksemd med meir
” Det er ein fordel å kunne undervise på andre instrument

Kvalifikasjonar
” Musikar og pedagog med høgt utøvarnivå og minimum 3-4 års høgskuleutdanning i musikk
” God formidlingsevne, både munnleg og musikalsk
” Kreativ og nyskapande i produksjon og formidling av musikk
” Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
” Evne til å ta initiativ og bygge nettverk
” Evne til å strukturere og administrere aktiviteten i ulike verkty og system

Vi tilbyr
· Ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling av best moglege tenester
· Introduksjonsprogram
· Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
· Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
· Løn etter avtale
Den som tiltrer får moglegheit til å utvikle kunst- og kulturfeltet i eit attraktivt og vakkert fylke, både geografisk og kulturelt.

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Vi nyttar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring blir gitt.

Mangfald
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.

Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25, 2.ledd. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Søknadsfrist 21.06.2017  Utlyst dato 07.06.2017  Vårref 3196

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Ragnhild Holsvik , seksjonsleiar formidling, på e-post eller telefon 712 80 479 / 416 29 185
Lene Torgersen Mordal , rådgivar, på e-post eller telefon 71 28 03 22 / 482 96 853