Hemsingfestivalen

Hjemmeside: http://www.hemsingfestival.com/

Hemsingfestivalen er ein internasjonal klassisk musikkfestival i Aurdal i Valdres og arrangerast kvart år i veke 8 i februar med omlag 13 konsertar på fem dagar. Festivalen vart etablert i 2013 av systrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing som også er kunstnarlege leiarar.

I tillegg til konsertane tilbyr festivalen også andre aktiviteter som lunsjkonsertar, foredrag og guida skitur.

Administrator

Engasjement som administrator for Hemsingfestivalen

Bustad: Fleksibelt, treng ikkje bu i Valdres eller Oppland fylke.

Har du lyst til å bli ein del av leiarteamet til Hemsingfestivalen? Er du ein entusiastisk person som vil vere med å utvikle festivalen til nye høgder?

Me ser etter pågangsmot og ein som kan arbeide sjølvstendig med interesse for klassisk musikk. Me lyser i fyrste omgang ut eit engasjement i 25 % i 10 månadar frå 1.juni 2017 til 1.mars 2018, men me håpar å kunne utvide engasjementet etter kvart.
Engasjementet inneber tett samarbeid med festivalsjef Ragnhild Hemsing og dei kunstnarlege leiarane Eldbjørg og Ragnhild Hemsing. Arbeidet vil omfatte koordinering, logistikk og andre administrative oppgåver som blir nedfelt i eigen avtale etter nærare drøfting med festivalsjefen.

Hemsingfestivalen er ein fem år gamal klassisk internasjonal musikkfestival med artistar på høgt nivå. Festivalen er i Aurdal i Valdres i veke 8 i februar kvart år.

Det er ikkje nødvendig at personen me søkjer i engasjementet bur i Valdres.

Søknadsfrist: 26. mai 2017 til styret ved Ragnhild Hemsing, epost: ragnhild@hemsingfestival.com. Tlf: 97 18 76 29.

For meir informasjon om festivalen og administrator-engasjementet, sjå www.hemsingfestival.com

Søknad: ragnhild@hemsingfestival.com

Hemsingfestivalen AS
Postboks 54
2910 Aurdal

Spørsmål om stillingen, kontakt: Ragnhild Hemsing , Festivalsjef, på e-post eller telefon 97187629