Os kirkelige fellesråd

Hjemmeside: http://www.kyrkja.no/os

Os kyrkjelyd har samanfallande grenser med Os kommune. Kommunen er ein vekstkommune med meir enn 20 000 innbyggarar og ligg like sør for Bergen. Kyrkjelyden har 2 kyrkjer og eit tenleg kyrkjelydshus sentralt i Os. Den store folkeveksten utfordrar kyrkjelyden til aktivt å inkludere nye i lokalsamfunnet og kyrkjelyd.

Det er omlag 30 km frå Os til Bergen sentrum og gode bussforbindelsar. Os har god barnehagedekking og skuletilbod fram til og med vidaregåande skule. Natur- og turområde er lett tilgjengeleg både langs sjø og fjell. Kyrkjelyden og dei kristne organisasjonane har eit breidt spekter av tilbod til born, unge og vaksne.

Os kyrkjelyd har 2 kyrkjer. Nore Neset kyrkje (2000) ligg på Skeie/Hagavik. Her er det gudstenester 2. kvar sundag. Os kyrkje (1870) ligg i Os sentrum. Her er det gudstenester kvar sundag. Like ved kyrkja ligg TUNET kyrkje- og kultursenter som huser kontor og fleire tenlege rom for kyrkjelyden sine samlingar og aktivitetar. Os sokneråd/kyrkjeleg fellesråd er arbeidsgjevar for kyrkjelege tilsette utanom prestane.

Organist/kyrkjemusikkar

Os sokn har ledig 50 % stilling som kyrkjemusikkar frå sommaren 2017.

Os har tilsaman 1,5 årsverk som kyrkjemusikkarar.

Hovudoppgåve som kyrkjemusikkar (50 %) er speling til gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan. Vidare delta i musikkretta tiltak, – særleg knytt til trosopplæring og kyrkjelydsbyggjande arbeid elles.

Kompetanse-/utdanningskrav:
– Relevant musikkutdanning
– Relevant erfaring/realkompetanse kan heilt- el delvis erstatte dei formelle utdanningskrav.
– Kjennskap og forståing for livet i DnK
– Medlemskap i DnK
– Kommunisere både munnleg og skriftleg på norsk

For stillinga gjeld:
– Løn etter avtale; KA-tariffavtale.
– Pliktig pensjonsmedlemskap i KLP.
– Den som vert tilsett må ha førarkort og disponere bil.
– Kjøregodtgjersle etter statlege satsar.

Den som vert tilsett må vise fram tilfredsstillande politiattest.

Kyrkjelyden vil hjelpe til å skaffe bustad.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Gerhard August Hansen , kyrkjeverje, på telefon 56 57 24 03 / 911 62 199