Solund Sokn

Hjemmeside: http://www.solund.kyrkje.no/

Soknet har tre kyrkjer med tilhøyrande kyrkjegardar; Solund, Husøy og Hersvik kyrkje, og eit kyrkjelydshus. Soknet dekkjer heile Solund kommune.

Solund er eit øysamfunn ytst i Sogn og Fjordane. Vi er rundt 800 innbyggjarar med eit mangfoldig kulturliv. Ein vakker og særprega natur gjev rike moglegheiter for fritidstibod, friluftsliv og opplevingar. I vårt samfunn er det lett å verte integrert. Du vil kunne oppleve at du er ein viktig aktør på fleire plan og bidra til viktig samfunnsutvikling. Vil du vite meir om vår vakre kommune kan du sjå ein video på https://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ.

Kyrkjemusikar/organist

47 %, fast stilling  – Tiltreding snarast

Stillinga kan evt. aukast opp med:

  • 10% diakoni
  • 10% trusopplæring
  • Og evt. noko piano-/orgelundervisning

Instrumenta:

Hovudkyrkja Solund kyrkje har eit Jørgensen-orgel frå 1929 på seks stemmer og eit Yamaha Flygel frå 2013. Husøy kyrkje har eit G.C.Klop kisteorgel frå 1991 på 3  stemmer og Hersvik kyrkje eit tilsvarande orgel frå 1995.

Hovudarbeidsoppgåver:
Spele ved gudstenester, kyrkjelege handlingar og arrangement i kyrkjelyden
Ansvar for kyrkjelyden sitt musikalske arbeid, inkl. kor
Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkelege handlingar i samarbeid med presten og andre tilsette
Ansvar for kyrkja sine instrument
Andre oppgåver i diakoni og trusopplæring, pianoundervisning m.m. avhengig av kvalifikasjonar og behov

Kvalifikasjonar
Godkjend 4-årig utdanning som kyrkjemusikar er ynskjeleg, og evt. anna relevant musikkutdanning. Anna kompetanse kan vurderast
Beherske norsk muntleg og skriftleg
Må være medlem av Den norske kirke, leggje fram tilfredsstillende politiattest iht. Kirkelovens §29, ved tilsetjing, og ha lojalitet til kyrkjas verdier
Føremonleg å ha sertifikat for og disponere bil

Personlege eigenskapar
Vi forventar at du har tankar om korleis ein kan utvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i samarbeid med andre tilsette og kyrkjelyden
Har gode samarbeidsevner, sjølvstendig, tek initiativ, er strukturert og fleksibel
God evne til å kommunisere med barn og unge
Er glad i menneske, og har evne til å verte engasjert og engasjere andre

Vi tilbyr:
Ein del kvelds- og helgearbeid inngår i stillinga
Engasjerte, kolleger og frivillige medarbeidere
Triveleg arbeidsmiljø
Løn og arbeidstid etter KA¿s tariffavtale. Pensjonsordning i KLP
Tilsetting skjer med Solund sokneråd som arbeidsgjevar

Arbeidsstad:
Primært alle kyrkjene

Søknad: kyrkjeverja@solund.kyrkja.no

Spørsmål om stillingen, kontakt: Mona Hjønnevåg , Kyrkjeverje, på e-post eller telefon 57786209