FRIKAR

Hjemmeside: http://www.frikar.com/

FRIKAR har sidan 2006 tenkt annleis og tverrfagleg, mottatt internasjonale prisar og gode kritikkar, og nådd 400.000 publikumarar i 35 land. Vi driv dansekompani, regionalt kompetansesenter for dans, nasjonal talentutvikling og arrangementet Draumefangaren. Innovasjon Norge har fronta FRIKAR som ei suksesshistorie og National Geographic har skildra oss som “wildly inventive”. Vi byggjer eit leikent, modig og raust arbeidsmiljø.

FRIKAR er ein ambisiøs organisasjon i stadig utvikling, noko som forutset situasjonsanalytiske og kreative evner hjå alle tilsatte. Vi er i ei fase der vi forsøker å styrke kunsten og formidlinga av den gjennom å bli ein viktigare og betre arbeidsgjevar for dei beste frilansarane. Det forutset godt samarbeid, god kontinuitet og forutsigbare, økonomiske rammer. Omsetjinga er dobla frå 2017-2019 og ambisjonen er å doble igjen over fire år til 12 millionar. Frå 2020 har FRIKAR driftsstønad frå Innlandet fylkeskommune.

Leiinga er satt saman av ei administrativ og ei kunstnarleg side. Dagleg leiar er øverste administrative sjef. Ein produsent for offentleg verksemd, ein for næringslivet og ein prosjektleiar. Teknisk økonomiarbeid er satt bort til rekneskapsførar. Kunstnarleg leiar har ansvar for kunstnarleg kvalitet i lag med ein koreograf.

3 stillinger: Dagleg leiar, Produsent, Koreograf

FRIKAR LYSER UT TRE STILLINGAR

  • Dagleg leiar i opptil 100%, arbeidsstad: Valdres eller Oslo
  • Produsent i opptil 100%, arbeidsstad Valdres eller Oslo
  • Koreograf i ca 50% åremål over tre år, arbeidsstad Valdres og Oslo

FRIKAR har sidan 2006 tenkt annleis og tverrfagleg, mottatt internasjonale prisar og gode kritikkar, og nådd 400.000 publikumarar i 35 land. Vi driv dansekompani, regionalt kompetansesenter for dans, nasjonal talentutvikling og arrangementet Draumefangaren. Innovasjon Norge har fronta FRIKAR som ei suksesshistorie og National Geographic har skildra oss som “wildly inventive”. Vi byggjer eit leikent, modig og raust arbeidsmiljø.

FRIKAR er ein ambisiøs organisasjon i stadig utvikling, noko som forutset situasjonsanalytiske og kreative evner hjå alle tilsatte. Vi er i ei fase der vi forsøker å styrke kunsten og formidlinga av den gjennom å bli ein viktigare og betre arbeidsgjevar for dei beste frilansarane. Det forutset godt samarbeid, god kontinuitet og forutsigbare, økonomiske rammer. Omsetjinga er dobla frå 2017-2019 og ambisjonen er å doble igjen over fire år til 12 millionar. Frå 2020 har FRIKAR driftsstønad frå Innlandet fylkeskommune.

Leiinga er satt saman av ei administrativ og ei kunstnarleg side. Dagleg leiar er øverste administrative sjef. Ein produsent for offentleg verksemd, ein for næringslivet og ein prosjektleiar. Teknisk økonomiarbeid er satt bort til rekneskapsførar. Kunstnarleg leiar har ansvar for kunstnarleg kvalitet i lag med ein koreograf.

 

DAGLEG LEIAR

Som dagleg leiar har du det overordna ansvaret for å styrke eit spennande arbeidsmiljø for seks tilsatte og om 20 frilansarar. Du har også det overordna økonomiske ansvaret i selskapet.

DL skal inspirere dei tilsatte og samarbeidspartnarar til å yte sitt beste for FRIKAR. DL er ansvarleg for å bidra til, og gjennomføre, strategiar ut frå visjonen og måla våre.

  • Personalansvar for fem tilsatte
  • Skapa strategiske samarbeid
  • Politisk arbeid for finansiering
  • Økonomiansvar
  • Representasjon, presentasjon og sal

Vi ser etter gode evner i å

  • Samarbeide
  • Inspirere
  • Strukturere

 

PRODUSENT

Som produsent for det offentlege repertoiret vårt bidreg du til at det skapande laget kan fokusere best mogleg på kunsten og at utøvarane får gode arbeidshøve. Du bidreg også til at verka får eit liv etter premiera og at fleire publikumarar får nyte godt av arbeidet vårt.

Arbeidsoppgåvene inneheld:

  • Bidra i lagarbeid for organisasjonen
  • Kreativ sparring før prosjektstart
  • Bidra på søknader
  • Planleggjing og logistikk
  • Kontraktering
  • Økonomistyring i prosjekta
  • Nettverksbyggjing og sal av verka
  • Rapportering

Vi ser etter nokon som er god til å

  • skapa og fylgje opp strukturar
  • kommunisere munnleg og skriftleg, nynorsk er eit pluss
  • sjå moglegheiter og løyse problem
  • forutsjå praktiske behov basert på kunstnarlege planer
  • halde overblikk og delegere når det er nødvendig

 

KOREOGRAF

Som koreograf i FRIKAR kan du bidra med dine skapande krefter innanfor verdiane og satsingane våre. I lag med kunstnarleg leiar utgjer du den kunstnarlege leiinga som samarbeider tett med administrasjonen for å realisere prosjekta. Du samarbeider også med rådgjevarpanelet vårt av medskapande kunstnarar om planleggjing av nye prosjekt. I 50% stilling kan du periodisere tid til eigne prosjekt, men må ha kontinuitet i samarbeidet med administrasjonen vår året gjennom.

Arbeidsoppgåvene inneheld:

  • Bidra i lagarbeid for organisasjonen
  • Kreativ sparring før prosjektstart
  • Kunstnarleg hovudansvar for enkeltprosjekt og bidra på andre
  • Konseptutvikling
  • Koreografi
  • Regi
  • Presentere og representere FRIKAR

Vi ser etter nokon som er god til å

  • utvikle konsept
  • samarbeide tverrfagleg
  • sjå kunstnarleg potensiale
  • omsetja konsept til kunst
  • løyse problem
  • tenkje annleis og setja ord på det

Vil du bidra til å ta oss eit spenstig steg vidare? Send CV og motivasjonsbrev innan 5. desember til art@frikar.com med tema «stilling i FRIKAR». Oppstart så tidleg som mogleg.

Søknad: art@frikar.com

Spørsmål om stillingen, kontakt: Se stillingsteksten