Parken Kulturhus, Ålesund

Hjemmeside: http://www.parkenkulturhus.no/

Lydtekniker

Vi søker nå lydteknikar i nyoppretta, fast 100 % stilling på Parken kulturhus og Arbeiderforeningen.

Vi ser etter ein fagleg kompetent person med gode samarbeidsevner, som både kan avvikle framsyningar og arrangement, assistere leigetakarar og ta vedlikehald av det tekniske utstyret.

Som kulturhusteknikar vil du jobbe med mange ulike produksjonar, og du må handtere alt frå små intimkonsertar til store produksjonar med mange aktørar i sving. Du bør både ha eit godt overblikk og ein sans for detaljar. Du bør også vere praktisk orientert og ikkje vere redd for å ta i et tak.

Kulturhuset sitt personell er sett saman av ein liten, hardtarbeidande stab, som samarbeider tett om å levere gode arrangement til publikum. Ingen dagar er like i eit kulturhus, og fleksibilitet og initiativ er stikkord for å lykkast i å løyse små og store problemstillingar som dukkar opp.

Teknikarane går i årsturnus. Ein må rekne med at mykje av arbeidet skjer på kveld og helg.

Oppgåver

Alle kulturhusdagar er forskjellige, og dei inneheld mange ulike store og små arbeidsoppgåver. Men primæroppgåvene vil vere:

  • Planlegging og avvikling av framsyningar i samarbeid med kulturhusets stab, leigetakarar og artistar.
  • Drift, service og vedlikehald av lyd-, lys- og sceneutstyr.
  • Enkelt vedlikehald av sal, scene og bygg.

Vi tilbyr

  • Sjansen til å jobbe i Ålesunds kulturliv, som blomstrar som aldri før.
  • Løn etter avtale.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Varierte og spennende arbeidsoppgåver.
  • Tilsetting i ei IA-bedrift.

Vi ser etter nokon som har

  • God erfaring som lydteknikar, gjerne også noko erfaring med lysteknikk og AV. Lang erfaring kan erstatte formell utdanning.
  • Praksis frå kulturhus, teater, utleieverksemd eller liknande.
  • Erfaring med service og vedlikehald av sceneteknisk utstyr.
  • Førarkort for bil, klasse B.

Vi vil gjerne jobbe med deg som er

  • Både god til å samarbeide, og evner å jobbe sjølvstendig.
  • Ryddig, praktisk orientert og med eit blikk for detaljar.
  • Løysingsorientert og fleksibel

Om stillingen:

Arbeidsdager: Ukedager Lørdag Søndag
Arbeidstid: Dagtid Kveld Natt
Arb.tidsordning: Turnus
Oppstart: Etter avtale

Kontaktperson for stillingen

Kontaktperson: Hans Pareliussen
Stillingstittel: Kulturhusleder
Telefon: 91512057
Epost: hans.pareliussen@alesund.kommune.no

Søknad: hans.pareliussen@alesund.kommune.no

Spørsmål om stillingen, kontakt: Se stillingsteksten