Parken kulturhus, Ålesund

Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå januar 2020.

Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>.

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er nye Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Markedsansvarleg (vikariat)

Parken kulturhus har ledig vikariat for markedsansvarleg i 60 % stilling med tiltreding etter avtale. Siste arbeidsdag 31.05.20 med mulegheit for forlenging.

Du vil bli med i kulturhusadministrasjonen, og ha ansvar for markedsføring og informasjon om kulturhusenes innhald på alle flater. Vi ser etter nokon som er har spesielt god innsikt i digitale verktøy og sosiale medier.

Det er også en fordel om du har noko kompetanse innan grafisk design, og sjølvsagt eit bankande hjarte for kunst- og kultur. Hos oss blir du ein del av eit lite team, der alle er sparringspartnarar i arbeidet med å videreutvikle kulturhusa.

Parken kulturhus har eit rikt program med konsertar, teater, foredrag, standup, konferansar og selskap. Kulturhuset sitt personell er sett saman av ein liten, hardtarbeidande stab, som samarbeider tett om å levere gode arrangement til publikum. Ingen dagar er like i eit kulturhus, og fleksibilitet og initiativ er stikkord for å lykkast i å løyse små og store problemstillingar som dukkar opp.

Noko kveld- og helgearbeid må reknast med.

Arbeidsoppgåver

  • Markedsføring av kulturhusets program på alle flatar.
  • Utadretta sal til grupper, bedrifter etc.
  • Noko grafisk design, foto og bilderedigering
  • Noko arrangementsavvikling og forefallende oppgåver i den daglege kulturhusdrifta må påregnast.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter nokon som har:

  • Bachelor i markedsføring eller god erfaring frå markedsføring og sal.
  • Spesielt god kjennskap til sosiale medier og digital markedsføring og verktøy.
  • Bør vere generelt godt orientert om kunst og kultur.
  • Godt skriftlig og munnleg språk.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig.
  • Iderik og engasjement for kunst- og kultur

Vi tilbyr

  • Sjansen til å jobbe i Ålesunds kulturliv, som blomstrar som aldri før.
  • Løn etter avtale.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Varierte og spennende arbeidsoppgåver.
  • Tilsetting i ei IA-bedrift.

Kontaktinformasjon
Hans Pareliussen, Avdelingsleiar, 915 12 057

Arbeidsstad
Parkgata 3B
6003 Ålesund

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Se stillingsteksten