Folkemusikkveka, Ål

Hjemmeside: http://www.folkemusikkveka.no/

Folkemusikkveka er Noregs eldste folkemusikkfestival, og har sidan 1976 gitt publikum det beste av norsk og nordisk folkemusikk, frå store konsert- og danseproduksjonar, til intime konsertar. Folkemusikkveka blir arrangert kvart år i mai, Ål i Hallingdal.

Dagleg leiar

Folkemusikkveka søkjer no dagleg leiar.

Arbeidsoppgåver:
– Dagleg drift av festivalen og rapportering til styret
– Planlegging og gjennomføring av festivalen
– Økonomiansvar og administrativt arbeid
– Kontakt med utøvarar, sponsorar og samarbeidspartnarar
– Marknadsplanlegging og marknadsføring av festivalen

Kvalifikasjonar:
– Relevant erfaring og/ eller utdanning innan leiing
– Erfaring med, og kjennskap til kultur- og arrangementsproduksjon
– God kjennskap til norsk folkemusikk og folkedans
– Evne til å jobbe sjølvstendig
– Gode skriftleg og munnleg framstillingsevne, gjerne på nynorsk

Personlege eigenskapar:
– Initiativrik, kreativ, positiv og strukturert
– Trivast med å både samarbeide og å leie
– Fleksibel i forhold til arbeidstider og arbeidsoppgåver
– God arbeidskapasitet

Søknadsfrist 30. oktober 2019.

Tiltreding 1. januar 2020 eller gjerne tidlegare (etter avtale).
Omfang: 70 %. Løn etter avtale.
Tilsetting på åremål (3 år med moglegheit til forlenging).

Vi ber om at CV er vedlagt i søknaden.

Søknad sendast pr. e-post til:
folkemusikkveka@gmail.com

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Styreleiar Solfrid Nestegard Gjeldokk, tlf: 415 52 655, e-post: folkemusikkveka@gmail.com

Søknad: folkemusikkveka@gmail.com

Spørsmål om stillingen, kontakt: Solfrid N. Gjeldokk , Styreleiar, på e-post eller telefon 41552655