Voss kommune

Hjemmeside: http://voss.kommune.no/

Voss er ei sterk kultur- og festivalbygd, og Voss kulturhus som ligg vakkert til ved Vangsvatnet er ein sentral institusjon i kulturlivet i Vossaregionen. I Kulturhuset finn me bibliotek, kulturskule, kino og vaksenopplæring. Det er eit større utstillingsrom for kunst, og spesialrom og salar for utøvarane i kulturskulen.

Drift av Gamlekinoen ligg under kulturhusleiaren. Gamlekinoen er ein bevaringsverdig og tidstypisk sal frå 1957 med 454 seter som er planlagt totalrenovert. Kulturhuset og Gamlekinoen skal vere sentrale kulturarenaer for eigenproduksjonar, lokale institusjonar og organisasjonar.

Kulturhusleiar

Kulturhusleiaren har det administrative og kunstnarlege ansvaret for huset, eit ansvar som femnar alt frå strategisk arbeid og kunstnarleg utvikling til dagelege driftsoppgåver. Kulturhusleiaren rapporterer til kommunalsjef for kultur og fritid. Det er eit mål for Voss herad å arbeide for økonomisk, sosial- og miljømessig berekraft, og kulturhussjefen må arbeide kreativt og målretta for å vere med å sikre at heradet når desse måla.

Hovudoppgåver

  • Drift og utvikling av Voss kulturhus
  • Hovudansvar for program, eigenproduksjonar og konseptutvikling
  • Personalleiing og økonomistyring
  • Samordne og utvikle samarbeidet mellom kulturhuset og leigetakarane
  • Ivareta og utvikle eit godt samarbeid med andre viktige aktørar i regionen

Me søkjer

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning og erfaring frå offentleg sektor
  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring
  • Formell utdanning innan økonomi og administrasjon er ein fordel, men er ikkje eit absolutt krav

Personlege eigenskapar

  • Et sterkt engasjement for kultur
  • Strategisk kompetanse med evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til å være ein motiverande og inspirerande leiar
  • Ein relasjonsbyggjar som kan skape gode samarbeidsforhold internt og med eksterne aktørar
  • Fleksibilitet, pågangsmot og evne og vilje til å tenkje nytt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Engasjement og godt humør

Me tilbyr

  • Ein trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver
  • Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
  • Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
  • Høve til å påverke eigen arbeidskvardag
  • Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Tiltreding 1. januar 2020.

Om arbeidsgiveren

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!

Voss kommune og Granvin herad slår seg saman til Voss herad frå 2020. Det nye heradet får om lag 15.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter.

Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust – vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad får om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet  kommunen er nynorsk. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Trude Hoflandsdal Letnes , Kommunalsjef, på telefon 416 79 533
Inger Karin Dyrnes , leiar bibliotek, på telefon 56 51 94 90 / 952 62 005