Hardanger Musikkfest

Hjemmeside: http://www.hardangermusikkfest.no/

Hardanger Musikkfest vart starta av Stig Nilsson i 1996 og etablerte seg raskt som ein av landets finaste festivalar for klassisk kammermusikk og folkemusikk. Det er ein omfattande festival i omfang og utstrekning, med 35-40 konsertar og arrangement i løpet av 5 dagar, i 4 kommunar i Hardanger. Festivalen sine kunstnariske leiarar er siden 2015 Therese Birkelund Ulvo og Tora Augestad, og deira ambisjon er å bringa publikum nærare musikken, gjennom programmering, artistval og arenautvikling. Me har ambisjonar om å vidareutvikla den kunstnariske kvaliteten, styrkja vår marknadsposisjon, og få ein stadig meir velfungerande festivalorganisasjon.

Daglig leder/ produsent

Hardanger Musikkfest søkjer etter ein dagleg leiar/produsent i 50 % stilling som får leia arbeidet med å vidareutvikla festivalen saman med våre flotte kunstnariske leiarar.
Dagleg leiar/produsent tilsetjast i åremål med tre års varighet. Prøvetida er 6 månadar.
Stillinga som dagleg leiar/produsent er sidestilt stillinga som kunstnarisk leiar, og rapporterer til styreleiar. Stillinga er på 50%.

Arbeidsoppgåver:
• Planlegga, koordinera og gjennomføra Hardanger Musikkfest med kvalitet i alle ledd:
• Ansvar for logistikk og produksjonsplan for festivalen
• Produksjonsarbeid og konsertavvikling under festivalen
• Avtalar og kontraktar med alle medverkande og samarbeidspartar
• Ansvar for reiser og opphald for alle involverte
• Personalansvar og arbeidsleiar for dei frivillige
• Marknadsplanleggjing og marknadsføring av festivalen
• Representera festivalen og ha ansvar for sponsorarbeidet, saman med styret
• Utvikling av samarbeid med andre kulturtiltak i regionen
• Økonomiansvar og administrativt arbeid

Kvalifikasjonar:
• Relevant høgare utdanning
• Erfaring med førebuing og gjennomføring av større event/festivalar
• Kjennskap til kulturfeltet og norsk musikkfelt spesielt
• Kunnskap om marknadsføring og publikumsutvikling
• Kunnskap om kommunikasjon og sosiale medier
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne, gjerne på nynorsk

Personlege eigenskapar:
• Godt organisert, sjølvstendig og med sterk gjennomføringsevne
• Trivst med både å samarbeida og å leia, og er ein god relasjonsbyggjar
• Fleksibel i forhold til arbeidstider og arbeidsoppgåver

Me kan tilby:
• Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
• God festivalerfaring og eit godt arbeidsmiljø
• Inspirerande kunstnerisk leiing og eit støttande styre
• Fantastiske musikalske opplevingar, i verdas vakraste omgivnadar!
Søknadsfrist 15. august. Send søknad med CV til post@hardangermusikkfest.no.

Bustad: Me ser helst at vår neste daglege leiar/produsent er busett i Vestlandsregionen, helst Hardanger/Voss.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Søknad: post@hardangermusikkfest.no

Spørsmål om stillingen, kontakt: Kåre Rommetveit , Styreleder, på e-post eller telefon 90857399