Tysvær kommune

Hjemmeside: http://www.tysver.kommune.no/

Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta.

Kulturskolelærar Fiolin

K-06 Kulturskolelærar Fiolin, 40% fast Tysvær kulturskole
Musikk og kulturskolelærar fiolin 40% fast stilling frå 01.08.19
Tysvær kulturskole har om lag 300 elevar fordelt på ca. 8 årsverk. Undervisningstilbodet er godt utbygd innan musikk, dans, teater og visuelle kunstartar. Tverrfaglege prosjekt og orkester/samspel har vore satsingsområder.

Skulen held til i gode lokalar på Tysværtunet kulturhus i Aksdal, om lag 20 minutt kjøring frå Haugesund sentrum.

Vi søkjer

Kulturskolelærar i 40 % til fiolin/samspill undervisning. Vi ønskjer ein lærar med klassisk fiolinutdanning og fortrinnsvis pedagogisk kompetanse. Det vi etterspør er ein positiv, engasjert og utviklingsorientert lærar som har eit hjerte for samspel.

Krav til kompetanse

  • Relevant høgskuleutdanning med vekt på fiolin
  • Godkjent pedagogiske utdanning er eit fortinn
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Det vert stilt krav om godkjent politiattest ved tilsetjing jmf. Opplæringslova §10-9.

Arbeidsoppgåver

Undervisning av fiolin elevar på alle nivå. I undervisninga inngår ansvar for ulike samspelsgrupper/orkester i saman med andre lærarar innan strykaropplæringa. Alle lærarane på kulturskolen må vere med å jobbe fram ulike pedagogiske prosjekt, konsertar og førestillingar.

Lønnsvilkår

Løna blir fastsett etter reglane i hovudoverenskomsten etter utdanningsstatus og ansiennitet

Søknad sendes

Spørsmål kring korleis du søkjer kan rettast til Servicetorget på telefon: 52 75 70 00.
Vitnemål og attestar skal kun takast med til evt.intervju, og desse blir dessverre ikkje returnerte.
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar begynner i stillinga ihht gjeldande lovverk. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Se stillingsteksten