Førde kulturskule

Hjemmeside: http://www.forde.kommune.no/

Førde kulturskule er ein veldriven kulturskule med ansvar for kulturskule også i Naustdal og Gaular. I 2020 er vi ilag med Jølster slått saman til Sunnfjord kommune med 23000 innbyggjarar. Skulen driv desentralisert undervisning, og har fleire undervisningsstader. Hausten 2019 flyttar vi inn i heilt nytt kulturskulebygg i tilknyting til kulturhuset Førdehuset.

Vi har over 500 elevar i musikk, skapande skriving, dans og visuelle kunstfag. Distriktsmusikargruppa består av 8 musikarar og har hovudbase i Førde.

Distriktsmusikarar - piano og trompet

• Distriktsmusikar piano
• Distriktsmusikar trompet
2 x 100% stilling (50% utøving, 50% undervisning)

Vi er ute etter to dyktige musikarar med minimum 4 år høgskuleutdanning på hovudinstrument med pedagogikk. Søkjarar med mykje realkompetanse kan bli vurdert utan å stetta kravet om høgskuleutdanning og pedagogikk. Distriktsmusikar trompet må også kunne dirigere korps.

Søkjar må vere engasjert og initiativrik og kommunisere godt med både born og vaksne. Søkjar må disponere bil då vi har desentralisert undervisning og konsertverksemd i heile fylket, og kollektivtransporttilbodet ikkje er særleg utbygt.

Undervisningsdelen består av instrumentalopplæring i kulturskulen. Trompetstillinga inneheld også dirigering av korps og undervisning av messingelevar i skuletida.

Utøvardelen består av konsertverksemd i samarbeid med det frivillige musikkliv, med andre distriktsmusikarar og andre musikarar lokalt og elles i fylket. Skule- og barnehagekonsertar i samarbeid med fylkeskommunen.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og prøvespel tidleg i juni.

Søknad må leverast på elektronisk søknadsskjema som ein finn på www.forde.kommune.no

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Trude Skarvatun , kulturskulerektor, på e-post eller telefon 41 50 59 70