Kulturskulen i Lom og Skjåk

Hjemmeside: http://www.skjaak.kommune.no/

Lom og Skjåk er attraktive kommunar med gode tenestetilbod til innbyggarane og næringslivet.
I Lom og Skjåk finn du varierte fritidsaktivitetar til store og små. Kommunesenteret i begge kommunane har eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting.
Lom og Skjåk kan tilby ein køfri kvardag full av opplevingar. Vidaregåande skule, barne- og ungdomsskule, kulturskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, bibliotek, skianlegg og mykje meir.

Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt.
Lom og Skjåk har fleire lokale matprodusentar. Dette har gjort kommunane til ei merkevare for kultur, miljø og tradisjon.

Kulturskulen i Lom og Skjåk gjev undervisning i musikk, dans, visuell kunst, karusell kunst og karusell idrett i SFO tid, minikarusell for born 3 – 5 år samt musikk i byrjinga av livet. Rammeplan for kulturskulen «mangfald og fordjuping» er vedteke som kulturskulen sitt styringsdokument.

Kulturskulelærar - rytmisk musikk

Inntil 52 % fast stilling som lærar innan rytmisk musikk; gitar, bass, slagverk og band. Arbeidsstad for tida i kulturskulen.
Stillinga er ledig frå 01.08.2019.

Arbeidstid er ettermiddag og kveld, samt nokre helgar i løpet av året.
Undervisningsstad Lom

Arbeidsområde

• Instrumentopplæring for enkeltelevar
• Band og ulik type samspelsundervisning
• Samarbeid med andre lærarar om ulike ensemble og samspelsgrupper
• Planlegging av undervisning, lærarmøter og planleggingsdagar
• Elevkonsertar og ulike arrangement
Kvalifikasjonar
• Det er ynskjeleg med minimum tre årig relevant høgare musikkutdanning
• Det er ynskjeleg med utdanning i pedagogikk eller erfaring frå undervisning
• Realkompetanse kan bli vurdert
• Førarkort klasse B
• Godkjent politiattest

Vi vektlegg

• Erfaring frå liknande arbeid
• Må kunne undervise i fleire sjangrar
• Evne til å inspirere, motivere og engasjere elevar på alle nivå
• Evne til å kunne jobbe kreativt og skapande både med elevar og andre lærarar
• Fleksibel i høve omstillingar
• Evne til både å arbeide sjølvstendig, som del av eit team og på tvers av fagområde og sjangrar
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• God norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
• Generell forståing for bruk av informasjonsteknologi

Vi tilbyr

• Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
• Pensjonsordning i KLP
Søkjarlista vil bli offentleggjort

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Oddrun Kvalheim , rektor, på e-post eller telefon 92216716