Firda Vidaregåande Skule, Gloppen

Hjemmeside: http://www.firda.vgs.no/

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 320 elevplassar og om lag 70 tilsette. Store delar av skuleanlegg er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama.

Lærar Musikk

Lærar Musikk, fast stilling 100% frå 01.08.2019

Vi søkjer etter ein lærar med god fagleg og pedagogisk kompetanse og evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for våre elevar.

Krav til kompetanse
Høgskule eller universitetsutdanning, bachelorgrad eller mastergrad i fag innafor praktiske og teoretiske musikkfag. PPU eller anna godkjent undervisningskompetanse og gode didaktisk og pedagogisk ferdigheiter i kunstfaga.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som kan vere med i skulen og avdelinga sitt utviklingsarbeid, med erfaring i å arbeide i team og prosjektbasert undervisning, og erfaring frå arbeid med opplæring på vidaregåande nivå.
Vedkomande må rekne med å undervise både praktiske og teoretiske musikkfag på alle steg.

Vi ynskjer at søkjaren:

  • Har fordjuping i musikkteknologi og musikkvitenskap
  • Har musikalsk bakgrunn i den rytmiske genre
  • Har kompetanse i andre musikkfag
  • Har didaktisk kompetanse til å møte alle typar elevar
  • Kan jobbe prosjektbasert og i team
  • God på relasjonsbygging og god evne til å kommunisere og vere i dialog
  • Arbeide sjølvstendig
  • Kreativ og løysningsorientert

For stillinga gjeld

  • Løn etter gjeldande regulativ
  • Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • 6 månaders prøvetid

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jfr Opplæringslova §10-9.

Nærare opplysningar får du ved å kontakte skulen v/ rektor Hallgeir Hansen tlf. 41530885

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.sfj.no – Ledige stillingar.

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.
Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Se stillingsteksten