Samnanger sokn

Hjemmeside: http://www.samnanger.kyrkja.no/

Samnanger er ein liten kommune mellom Bergen og Hardanger, ca. 45 min å køyra frå Bergen sentrum. Me har knapt 2500 innbyggjarar. Det er gode tilhøve for friluftsliv i bygda, både ved fjorden og på fjellet. Kommunen har barneskule, ungdomsskule, aktiv kulturskule og godt korpsmiljø.

Me har to kyrkjer, ei på Ådland frå 1851 og ei på Haga frå 1995. På Ådland har me gudstenester, bryllaup, gravferder og konsertar. På Haga har me gudstenester, barne- og ungdoms-arbeid, diakoni-arbeid, bryllaup, konsertar og samlingar av ulike slag. Der held også kyrkjekontora til.

Kyrkjestaben elles er: Prest, kyrkjetenar, kyrkjeverje, tre trusopplærings-medarbeidarar og sekretær. Dei fleste i deltidsstillingar. I tillegg har me mange uløna medarbeidarar.

Instrument/ musikkutstyr:
På Ådland har me eit Bruno Kristensen orgel med 17 stemmer, 2 manualar og pedal. I tillegg har me piano av merke Yamaha. Begge er gode instrument.

På Haga vert det ofte nytta band/orkester i gudstenesta. ( Piano, slagverk, gitarar og synt m.m. Me har to lovsongsteam som byter på å ta del her.) Me har eit lite elektronisk orgel med to manualar og pedal av merke Johannus, el. piano og eit akustisk piano som me planlegg å byta ut i næraste framtid. Det er godt lydanlegg i kyrkja: digital miksar med 32 kanalar og Nexo høgtalaranlegg.

Kyrkjemusikar

HOVUDOPPGÅVER – ANSVAR
• Ansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene: Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar, tonefylgje til song, instrumentalmusikk, korarbeid og konsertar.
• Leia band/ orkester/ musikkgrupper.
• Musikk ved institusjonsandaktar.
• Musikkformidling, undervisning og rådgjeving.
• Medansvar for å rekruttera, utrusta og rettleia frivillige medarbeidarar til kyrkjemusikalsk teneste.
• Forvalta og levandegjera tradisjonell og ny kyrkjemusikk og arbeida for breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet.

Sjå nærare stillingsomtale HER.

Kyrkjemusikaren har frihelg minst ein gong i månaden.

Stillinga kan evt. kombinerast med undervisnings-stilling i kulturskulen.
Kontakt: Kulturskulerektor Anne Lise Tøsse tlf. 97 03 32 06.

ØNSKJELEGE KVALIFIKASJONAR
• Høgare utdanning i musikk.
• Dugleik på orgel og piano.
• Kunna leia band/ musikkgrupper/ songgrupper/ kor.
• Erfaring med kyrkjemusikalsk arbeid.
• Medlemskap i DNK.

PERSONLEGE EIGENSKAPAR
• Kreativitet
• Positivitet
• Fleksibilitet
• Evne til sjølvstendig arbeid og initiativ.
• Evne til å planleggja, organisera og gjennomføra.
• Gode samarbeidsevner og sosiale evner, også i høve til born og ungdom.

ME TILBYR
• Triveleg arbeidsmiljø.
• Varierte arbeidsoppgåver.
• Løn etter avtale i kyrkjeleg sektor. (KA sitt tariffområde)
• Pensjonsordning i KLP.
• Hjelp til å skaffa bustad.

For spørsmål kontakt kyrkjeverje Britt Haukanes: 56 58 90 15 eller 40 04 92 41.
Send søknad med CV og minst to referansar til:
post@samnanger.kyrkja.no eller Kyrkjekontoret, Hagabakkane 1, 5650 Tysse

Aktuelle søkjarar vil verta kalla inn til intervju og prøvespeling.

Søknad: post@samnanger.kyrkja.no

Spørsmål om stillingen, kontakt: Se stillingsteksten