Førde kulturskule

Hjemmeside: http://www.forde.kommune.no/

Førde kulturskule er ein veldriven kulturskule med ansvar for kulturskule også i Naustdal og Gaular. I 2020 er vi ilag med Jølster samanslått til Sunnfjord kommune med 23000 innbyggjarar. Skulen driv desentralisert undervisning, og har fleire undervisningsstader. Vi har over 400 elevar i musikk og visuelle kunstfag. Distriktsmusikargruppa består av 6 musikarar per i dag og har hovudbase i Førde.

To distriktsmusikarar folkemusikk – hardingfele og trekkspel, ev folkesong, dans

– 2 x 100% stilling (50% utøving, 50% undervisning).

Vi er ute etter to dyktige musikarar med minimum 4 år høgskuleutdanning på hovudinstrumentet med pedagogikk.

Søkjarar med mykje realkompetanse kan bli vurdert utan å stetta kravet om høgskuleutdanning og pedagogikk. Søkjarane bør ha god kjennskap til lokal tradisjonsmusikk. Biinstrument som folkesong, folkedans, hardingfele på bra nivå, vil også verte vektlagt.

Søkjarane må vere engasjerte og initiativrike og kommunisere godt med både born og vaksne. Søkjarane må disponere bil då vi har desentralisert undervisning og konsertverksemd i heile fylket, og kollektivtransporttilbodet ikkje er særleg utbygt.

Undervisningsdelen består av instrumentalopplæring i kulturskulen i tillegg til seminarverksemd og instruksjon innan frivillig musikkliv.

Utøvardelen består av konsertverksemd i samarbeid med det frivillige musikkliv, med andre distriktsmusikarar og andre musikarar lokalt og elles i fylket. Skule- og barnehagekonsertar i samarbeid med fylkeskommunen.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og prøvespel.

Det er ein føresetnad for tilsetting i stillinga at det vert inngått avtale om felles finansiering mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kulturskule.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Trude Skarvatun , kulturskulerektor, på e-post eller telefon 41505970