Osafestivalen

Hjemmeside: http://www.osafestivalen.no/

Osafestivalen har namnet sitt etter spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-90), og blir arrangert i slutten av oktober kvart år. Profilen til Osafestivalen er tufta på ideane Osa hadde om å smi saman tradisjon og visjon, og vere ein møtestad for skapande utøvarar og komponistar, både innan folkemusikk og klassisk musikk. Denne profilen er festivalen ganske åleine om, og Osafestivalen er såleis eit friskt pust i den norske festivalfloraen.

Festivalleiar - vikariat

Det er frå 01.11.2018 – 30.11.2019 ledig vikariat i 70 % stilling som festivalleiar for Osafestivalen, med moglegheit for fast stilling.

Festivalleiar er administrativ leiar og rapporterer til styret. Festivalleiar står, saman med kunstnarisk leiar og kunstnarisk råd ansvarlig for utforminga av programmet. Festivalleiar skal leggje den langsiktige strategien for festivalen. Til stillinga høyrer også drifta av Voss Folkemusikkscene, med ca 7-8 konsertar gjennom året utanom festivalen. Festivalleiar er formelt tilsett ved Ole Bull Akademiet, og kompetanse som fell innafor primæroppgåvene til akademiet vil eventuelt kunne gje høgare stillingsprosent.

Den vi søkjer etter har desse kvalifikasjonane:
■ God oversikt og brei interesse for folkemusikk og/eller klassisk musikk (primært tidlegmusikk)
■ Gode administrative evner
■ Breitt kontaktnett og erfaring frå festival eller anna kulturfagleg arbeid
■ Evne til strategisk tenking
■ Evne til å tenke heilskapleg og nyskapande for å utvikle festivalen
■ Gode leiareigenskapar
■ Fleksibel og samarbeidsviljug
■ Gode kommunikasjonsevner
■ Stor arbeidskapasitet og trivast i høgt tempo

Kortfatta søknad med CV vert å sende elektronisk.

Søknad: oba@olebull.no

Spørsmål om stillingen, kontakt: Tormod Kleiveland , Festivalleiar, på telefon 922 27 570
Jo Asgeir Lie , Rektor ved Ole Bull Akademiet, på telefon 905 16 652