Stord kommune

Hjemmeside: http://www.stord.kommune.no/

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar.

Stord er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo. Stord har eit rikt kulturliv og eit stort dansemiljø. Det er også gode vilkår for sport og friluftsliv. Kulturskulen har godt over 800 elevplassar.

Songlærar / kordirigent

Kulturskulen har ledig vikariat i inntil 80 % stilling, i perioden 01.08.2018 – 31.07.2019.

Kulturskulelærar, song og kordirigent
Me søkjer etter allsidig lærar i song med utdanning frå høgskule, universitet eller anna relevant utdanning. Det er ynskjeleg at søkjar har pedagogisk utdanning og erfaring som kordirigent.

Stord kulturskule har tradisjon med å sette opp framsyningar gjennom skuleåret, song er ein naturleg del av dette og det forventast at songlærar tek del i dette arbeidet.

All undervisning er lagt til ettermiddagstid. Kulturskulen har fast personalmøte ein gang i veka samt ein del av arbeidstida er bunden opp til felles kontortid, lærarane disponerer eigne arbeidsrom/kontor.

Undervisninga er lagt til Stord kulturhus der og administrasjonen til kulturskulen ligg.

Administrasjonsmålet i Stord kommune er nynorsk.

Løns- og arbeidsvilkår:
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk. Kommunen tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Anne Lene Østvold Jordåen , rektor, på e-post eller telefon 53 49 69 05 / 48 04 33 86