Bømlo kyrkjelege fellesråd

Hjemmeside: http://www.bomlo.kyrkja.no/

Bremnes kyrkje er blant dei største langkyrkjene på vestlandet. Den vart reist i 1869 og rommar rundt 650 sitjeplassar. Rundt 5700 innbyggjarar soknar til Bremnes kyrkje. Hovudinstrumentet i kyrkja er eit Frobenius og Sønner orgel frå 1989. 33 stemmer fordelt på hovudverk (11), svellverk (14) og pedal (8). Mekanisk traktur og register.

Lykling kyrkje er den minste kyrkja i Bømlo kommune med sine 800 medlemmer. Kyrkja er frå 1912 og har sitjeplass til ca. 200 personar. Hovudinstrumentet i Lykling kyrkje er eit P.G. Andersen og Bruhn orgel frå 2000. 8 stemmer fordelt på to manualar og pedal. Mekanisk. I begge kyrkjene er det også piano og lydanlegg. Lydanlegget i Bremnes kyrkje er av svært høg kvalitet.

I begge kyrkjene er det god kyrkjesøknad og aktiv salmesong. Lykling kyrkje har godt etablert forsongargruppe og i Bremnes kyrkje er det i dag eit svært godt etablert kantori som deltek på ei rekke gudstenester gjennom året. Bremnes kantori utgjer i dag ei vesentleg arbeidsmengd knytt til dagens kantorstilling. Kantoriet held svært høg kvalitet og består i dag av ca. 40 medlemmar. Det er vanlegvis ei gudsteneste annankvar sundag i kvar av dei to kyrkjene. I kyrkjene er det elles stor musikalsk aktivitet. I Bremnes kyrkje øver fast Bømlo gospel annankvar måndag og Bømlo Soul Children kvar onsdag, det vert også arrangert småbarnssong og babysong i kyrkja.

Babysong vert gjennomført annankvar veke av kyrkjelydspedagogane. Dette er også eit tilbod i Lykling kyrkje. Sokneråda i Bremnes og Lykling arrangerer jamleg temakveldar og treffkveldar. Bømlo har også eit svært rikt tilbod av musikkaktivitetar og ein godt etablert musikkskule. Norges største TenSing kor har også sin tilhaldsstad i Bremnes sokn på Bømlo.

Staben på kyrkjekontoret består i dag av tre prestar, tre kyrkjelydspedagogar, to kantorar, diakoniarbeidar, kyrkjelydssekretær og kyrkjeverjesekretær, to kyrkjegardsarbeidarar og kyrkjeverje. Klokkarar, reinhaldarar og kyrkjetenarar kjem i tillegg. Kontorpersonalet har i dag kontorfasilitetar samen med dei andre kommunale etatane på Rådhuset på Svortland.

Bømlo er ein øykommune med 12.000 innbyggjarar, sentralt mellom Bergen og Haugesund. Kommunen har fastlandsforbindelse og gode kommunikasjonar. Bømlo byr på eit rikt og allsidig kulturtilbod, eit variert natur- og friluftsliv, full barnehagedekning, godt skuletilbod og eit attraktivt næringsliv.

Kantor- organist - kyrkjemusikar

Bremnes og Lykling sokn på Bømlo.

Stillinga sitt føremål:
Forvalte og levandegjere tradisjonelle og nye kyrkjemusikalske verdiar og freiste å gje breidde og kvalitet i kyrkjelyden sitt musikalske arbeide. Dette i tråd med lokale planar, og med spesielt fokus på stimulerande tiltak for rekruttering av barn og unge til kyrkjemusikalsk aktivitet. Gjennom stillinga ynskjer ein også å fremja ein levande kyrkjelyd med eit engasjerande gudsteneste- og trusliv.

Hovudoppgåver:
– Den tilsette skal planlegge og gjennomføre gudstenester og kyrkjelege handlingar i tett samarbeid med sokneprest og andre involverte.
– Planlegge og medverke ved konsertar, musikkandaktar og musikkformidling i kyrkja.
– Til denne stillinga ligg særskilte forventningar om deltaking i aktivitetar knytt til trusopplæringa i sokna.
– Leiing av korarbeid.
– Tett samarbeid med friviljuge og offentlege instansar.
– Vere rådgjevar for sokneråda og ta del i utval knytt til kyrkjelyd- og trusopplæringsarbeidet.
– Kyrkjemusikar har ansvar for og fører tilsyn med kyrkjene sine instrument.

Kvalifikasjonar:
– Høgare utdanning innan musikk / kyrkjemusikk eller annan relevant utdanning / erfaring.
– Den tilsette må ha ei positiv haldning til frivillige som kyrkjemusikalsk ressurs, og ha evna til å motivere og inkludere barn, ungdom og vaksne i det kyrkjemusikalske arbeidet.
– Den tilsette må kunna nytta både orgel og piano.
– Kompetanse og erfaring med korleiing er ynskjeleg.
– Stillinga krev initiativ, sjølvstende, samarbeidsevne og fleksibilitet.
– Personlege eigenskapar, gode kommunikasjons- og samarbeidsevne vil bli vektlagde.
– Meistra norsk flytande munnleg og skriftleg.

Plassering i organisasjonen:
– Vert tilsett i Bømlo kyrkjelege fellesråd.
– Stillinga har kyrkjeverja som næraste overordna.
– Den tilsette har soknepresten som næraste overordna i oppgåver av gudstenesteleg og liturgisk karakter.

Vi tilbyr:
– Lønn etter KA\’s tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar.
– Eige kontor i kyrkja sitt kontorfellesskap i kommunesenteret på Svortland.
– Stor fleksibilitet i utforming av eigne arbeidsoppgåver utover fastsette hovudoppgåver.
– Godt arbeidsmiljø og faglege utfordringar.

Anna:
– Søkjar må vere medlem i Den norske kyrkja.
– Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju og prøvespel.
– Det er utarbeidd stillingsomtale for stillinga
– Den som vert tilsett må disponere bil.
– Fellesrådet kan hjelpa til med å skaffe bustad.

Søknad, CV og referansar registrerast ved å søke via denne annonsen

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Trygve Leigland , kyrkjeverje, på telefon (+47) 53423290 / 40085045