Universitetet i Bergen

Hjemmeside: http://www.uib.no/

Griegakademiet – Institutt for musikk, er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen som samlar leiande fagmiljø og tilbyr forskingsbasert utdanning på bachelor-, master- og ph.d. nivå. Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette.

Førsteamanuensis 15 % i trombone

Ved Griegakademiet Institutt for musikk, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i utøvande musikk, trombone (15%) i fireårig åremål. Tilsetjing er ønska frå 1. august 2018.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Vi søker ein førsteamanuensis til undervisning i trombone på bachelor og master nivå (klassisk studieretning). Fagmiljøet vil tilknytte seg ein fagperson med kompetanse innan solistisk utøving, kammermusikk- og orkesterspill, og med brei sjanger- og repertoarerfaring. Undervisning kan omfatte hovud- og bi-instrument på våre studietilbod innan utøvande musikk samt innan ensemblespel/kammermusikk.

Griegakademiet – Institutt for musikk

Griegakademiet – Institutt for musikk samlar sterke og internasjonalt akta fagmiljø. Vi vektlegg møtepunkt mellom kunstnarlege disiplinar, musikkvitskap, musikkterapi, musikkpedagogikk og andre universitetsfag. Våre fagmiljø har utstrekt samarbeid med lokale og regionale kunst- og kulturinstitusjonar. Fagmiljøet i musikkterapi samarbeider i tillegg med fag- og forskingsmiljø knytte til helse, omsorg og oppvekst.

Forskingsverksemda vår er kjenneteikna av samspel mellom ulike kunnskapsformer og -tradisjonar. Kunstnarleg utviklingsarbeid er etablert som kunnskaps- og arbeidsform på line med anna forsking ved UiB. Fagmiljøa våre trekker til seg internasjonale studentar og forskarar, og vi legg vekt på at studentane kan gjere individuelle val i studieløpa sine. Studio og ein stor instrumentpark har ein sentral plass i arbeids- og læringsmiljøet vårt.

Fagmiljøa innan kunst og design er samlokaliserte i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet – Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid som utøvar på høgt internasjonalt nivå, solistisk og/eller som orkestermusikar
Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning undervisning og rettleiing.
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveundervisning for instituttets stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

Pedagogiske evner og engasjement
Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
Perspektiv på høgare kunstutdanning og erfaring frå undervisning på universitetsnivå
Organisatoriske evner og erfaring
Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Søkjarar som ikkje kan dokumentere pedagogisk basisutdanning før tilsetjing vil få tilbod om opplæring.

Vi kan tilby:

Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med løn kr. 558.500 – 650.200 brutto i året i fulltidsstilling (lønssteg 64 – 72 lønsramme 24:8). Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Korleis arbeidstida fordelast, går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som utarbeidast i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.

Søknaden skal innehalde:

CV
Vitnemål
Attestar
Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar
Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd
Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden. Det er viktig at søkaren tydeliggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og muligheiter.

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida. Last opp alle vedlegg som separate filer. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du laster dei opp.

Andre opplysingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskapelige stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Fakultetet kan tilby ein interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglige utfordringar og gode samarbeidsforhold.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 – 55 58 73 00/. + 47 97514878.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Se stillingsteksten