Universitetet i Bergen

Hjemmeside: http://www.uib.no/

Griegakademiet – Institutt for musikk, er ein del av Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) ved Universitetet i Bergen som samlar leiande fagmiljø og tilbyr forskingsbasert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Fakultetet har om lag 600 studentar og 180 tilsette.

Universitetslektor 20 % i bruksinstrument gitar

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, er det ledig ei fast stilling som universitetslektor (20 %) innan fagområdet musikkterapi, bruksinstrument gitar. Tilsetjing er ønska frå 01.08.2018.

Arbeidsoppgåver

Vi søker ein universitetslektor til undervisning i bruksinstrument gitar på studieprogrammet 5-årig integrert master i musikkterapi. Bruksinstrument er ein integrert del av studieprogrammet og inngår både på bachelor og master nivå. Undervisningsoppgåver kan og kome til å omfatte basisinstrument og ensembelspill. Vi søker etter ein fagperson med brei erfaring både som utøvar og undervisar, og med brei kunnskap innan varierte musikalske sjangrar til dømes rock, pop, visar og jazz.

Griegakademiet – Institutt for musikk

Griegakademiet – Institutt for musikk samlar sterke og internasjonalt akta fagmiljø. Vi vektlegg møtepunkt mellom kunstnarlege disiplinar, musikkvitskap, musikkterapi, musikkpedagogikk og andre universitetsfag. Våre fagmiljø har utstrekt samarbeid med lokale og regionale kunst- og kulturinstitusjonar. Fagmiljøet i musikkterapi samarbeider i tillegg med fag- og forskingsmiljø knytt til helse, omsorg og oppvekst.

Forskingsverksemda vår er kjenneteikna av samspel mellom ulike kunnskapsformer og -tradisjonar. Kunstnarleg utviklingsarbeid er etablert som kunnskaps- og arbeidsform på line med anna forsking ved UiB. Fagmiljøa våre trekker til seg internasjonale studentar og forskarar, og vi legg vekt på at studentane kan gjere individuelle val i studieløpa sine. Studio og ein stor instrumentpark har ein sentral plass i arbeids- og læringsmiljøet vårt.

Fagmiljøa innan kunst og design har blitt samlokalisert i eit nytt bygg i januar 2017, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablere eit eige bygg for Griegakademiet – Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal.

Kvalifikasjonar:

Søkarar må normalt ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan aktuell disiplin. Søkarar må kunne vise til variert utøvande praksis med godt kunstnarleg nivå og relevant erfaring frå undervisningsarbeid.

Dokumentert anerkjent kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid av eit visst omfang innan fagområdet (gitar)
Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av søkjaren sin utdanning, undervisning og rettleiing.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:
Evne og vilje til å bidra til vidareutvikling av forskingsbasert, tverrfagleg musikkterapiutdanning
Organisatoriske evner og erfaring
Gode samarbeidsevner
Relevant praksiserfaring med bruksmusikk og formidling

Vi kan tilby:

Stilling som universitetslektor (kode 1009) med løn kr. 436.900 – 537.700 (lønssteg 50 – 62 lønsramme 25:4). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Fordeling av arbeidstida går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som blir utarbeidd i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenkje på denne sida. Last opp alle vedlegga som separate filer. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før du lastar dei opp.

Søknaden skal innehalde:

CV
Vitnemål som visar at du har relevant utdanning
Relevante attestar
Liste over kunstnarlege og/eller vitskaplege produksjonar som har relevans for stillinga
Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar
Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane kan bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og kan og bli bede om å halde prøveundervising for tilsette og studentar ved instituttet.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men kan òg vere engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Søkjarar som ikkje kan dokumentere pedagogisk basisutdanning før tilsetjing vil få tilbod om opplæring.

Andre opplysingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskapelige stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Fakultetet kan tilby ein interessant og krevjande stilling i eit miljø med høgt aktivitetsnivå, faglege utfordringar og gode samarbeidsforhold.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 – 55 58 69 79 /+47 975 14 878.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Se stillingsteksten