Kvinnherad kulturskule

Hjemmeside: http://www.kvinnherad.kommune.no/

Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året. Kvinnherad vart i 2015 kåra til årets kulturskulekommune.

Pianopedagog + Undervisningsinspektør

Kvinnherad kulturskule har rundt 600 elevplassar, 10 årsverk fordelt på 16 personar. Kvinnherad kulturskule har i dag tilbod om undervisning i dans, musikk, teater og visuelle kunstfag. I tillegg kjem sal av tenester til kor, korps og institusjonar.

Kulturskulen er desentralisert med hovudbase i nytt kulturskulesenter på Husnes. Dei nye lokala er ein del av Kvinnherad kultursenter og er samlokalisert med kulturhus, kino, ungdomssenter og bibliotek.

I Kvinnherad kulturskule er følgjande stillingar ledige frå 01.08.2018:

Pianopedagog – inntil 70 % (fast), med mogeleg seinare utviding;

Undervisningsinspektør – 50% (fast).

Stillingane kan søkjast kvar for seg eller kombinerast.

Det kan og bli aktuelt med undervisning i dans i kombinasjon med undervisningsinspektør-stillinga.

https://www.kvinnherad.kommune.no/ (leidige stillingar).

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Kirill Zimin , rektor, på e-post eller telefon 456 65 892