Time kommune

Hjemmeside: http://www.time.kommune.no/

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv.
Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.

Kulturskulelærar - piano og fiolin

Me søkjer pianolærar og fiolinlærar

PIANOLÆRAR

Pianostilling i Time kulturskule er ledig frå 1.august, evt etter avtale frå 1. oktober. Stillinga inneheld undervisning på piano, mest individuelt, evt litt i grupper.

Undervisninga tek utgangspunkt i fagplanar og må tilpassast den enkelte elev. Undervisninga er frå nybyrjarstadiet til vidarekomne på høgare nivå.

Me søkjer etter ein person med utdanning frå høgskule/universitet , og som har erfaring i arbeid med barn og unge. Søkjar må ha entusiasme for faget og ha god evne til å arbeida i team.
Søkjar må ha kompetanse innan mange ulike genre.
Pianolærar arbeider i team med andre pianolærarar.

FIOLINLÆRAR

Fiolinstilling i Time kulturskule er ledig frå 1.august. Me søkjer etter ein person med utdanning frå høgskule/universitet og som har erfaring i arbeid med barn og unge.

Stillinga inneheld undervisning på fiolin, individuelt og i grupper. Fiolinlærar arbeider i team med andre lærarar i kulturskulen og med fiolinlærarar i nabokommunane. Desse samarbeider om JUSI (Jæren Ung Symfoni)

Me søkjer ein person som kommuniserer godt med barn og ungdom, har entusiasme for faget og som likar og har god evne til å jobbe i team.

Det er og stor grad av tverrfagleg samarbeid i kulturskulen.
Kulturskulen i Time er utadretta og har mange arrangement og konsertar gjennom heile skuleåret.
Deltaking i ulike prosjekt og konsertarbeid inngår som del av stillinga.
Det er også ønskjeleg at den som blir tilsett blir del av ei utøvargruppe ilag med to andre lærarar. Desse danner TrioTriol og har ulike konsertoppdrag, blant anna på institusjonar.
Dersom du har undervisningskompetanse innan andre fag, oppgje dette i søknaden.
Det er krav om politiattest.
Den som blir tilsett må beherske norsk språk både muntlig og skriftleg.

Me ønskjer deg som ein del av våre gode team på ein kreativ arbeidsplass.

Gjelder for begge stillingene:

Kulturskulen i Time er utadretta og har mange arrangement og konsertar gjennom heile skuleåret. Det er og stor grad av tverrfagleg samarbeid i kulturskulen. Deltaking i ulike prosjekt og konsertarbeid inngår som del av stillinga. Det er ønskjeleg at pianolærar ved ulike høve kan akkompagnera elevar på andre instrument.

Undervisninga i kulturskulen er i hovudsak på Bryne, men pianolærar må ha noko av undervisninga på Frøyland eller Lye.
Kulturskulen sitt fordjupningsprogram “Fredagsskulen” er også aktuelt at ny pianolærar er med i.

Kulturskulen samarbeider både med kyrkja og frivillige organisasjonar.
Den som vert tilsett må beherske norsk språk både munnleg og skriftleg.
Dersom du har undervisningskompetanse innan andre fag, oppgje dette i søknaden.
Det er krav om politiattest.
Me ønskjer deg som ein del av våre gode team på ein kreativ arbeidsplass.

Elektronisk søknadsprosess
Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Astrid Fjeld , rektor, på e-post eller telefon Mobil 482 93 505, arbeid 51 77 64 10