Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (Førdefestivalen)

Hjemmeside: http://www.fordefestival.no/

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (Førdefestivalen) er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk og eit av dei største fleirkulturelle arrangementa i Norge. Festivalen engasjerer artistar frå heile verda og er samstundes eit utstillingsvindauge for norsk og nordisk folkemusikk.

Festivalen vart første gong arrangert i 1990, og vert arrangert over 5 dagar i veke 27 kvart år. Festivalen har òg heilårs konsertverksemd. Festivaladministrasjonen ligg i Førdehuset, Førde. Førdefestivalen sin direktør går over i anna stilling, og vi søker difor ny direktør.

Direktør/ kunstnarleg leiar

Vår direktør gjennom 29 år takkar for seg etter årets festival i juli 2018, og no er vi på jakt etter hennar arvtakar. Har du brei kunnskap om folkemusikk/tradisjonsmusikk og trivst med utadretta verksemd, kan du vere den vi er på jakt etter.

Vi søker etter ein person som har mot og evne til kreativ kunstnarleg programmering, gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, høg arbeidskapasitet og gode administrative eigenskapar.
Evne til å motivere og skape engasjement både hos stab, frivillige, samarbeidspartar og i det offentlege rom vil bli vektlagt. Direktøren er kunstnarleg og administrativ leiar for festivalen, og rapporterer til styret for stiftinga. Festivalen nyttar nynorsk i sin offentlige kommunikasjon. God skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk er ein føresetnad.

Festivalen har ein stab på seks fast tilsette, med eit kreativt arbeidsmiljø prega av stort engasjement og tidvis store arbeidstoppar. I samband med festivalen er òg rundt 350 frivillige engasjert, samt ei rekke samarbeidspartar og personar på korttidsengasjement.

Ansvar og oppgaver
• Ansvar for festivalen sitt kunstnarlege program
• Ansvar for å vidareutvikle festivalen
• Overordna ansvar for økonomi og dagleg drift
• Samarbeid med norsk og internasjonalt musikk- og kulturliv
• Samarbeid med offentlege styresmakter og andre samarbeidspartar og aktørar

Kvalifikasjonar
• Solid kompetanse innan folkemusikk-/verdsmusikksjangeren
• Leiarerfaring
• Administrativ kompetanse
• Solide kommunikasjonsferdigheiter
• God framstillingsevne munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Stillinga er ei 5-årig åremålsstilling med moglegheit for forlenging.
Tiltreding 1. september 2018, men det er ynskjeleg at den som vert tilsett kan følge årets festival 4.-8. juli. Løn etter avtale. God pensjonsordning.

Spørsmål om stillinga kan rettast til vår rekrutteringsrådgjevar Gro Møllerstad, Hodejegerne Møllerstad Christiansen AS, tlf 915 59 752 eller styreleiar Tone Winje, tone.winje@moss.kommune.no.

Gå inn på www.hodejegerne.no for å leggje inn søknad innan 19. februar.

Søknad:
Fyll ut søknadsskjema HER

Spørsmål om stillingen, kontakt: Se stillingsteksten