Laster Hendelser

Kalender

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Dato:
18. oktober 2019
Tid:
18:00-19:00
Pris:
250
Nettsted
Sted:
Emanuel Vigelands Museum
 
Grimelundsveien 8, 0775 Oslo
+ Google Map
18. oktober 2019

Sidan 2009 har Stemmeklang hatt konsertar i Emanuel Vigelands Museum – eit mausoleum med ein heilt spesiell akustikk og atmosfære som berre må opplevast!
10-års jubileet vert feira med konsertar samt utgjeving av albumet «Tomba sonora».

Som alltid på programmet står vokalstykker skrive spesielt for mausoleet av komponist Kristin Bolstad. Musikken nyttar rommet si unike klang fullt ut, og vekslar mellom å spela på lag med rommet og å utfordra det. Mausoleet i Emanuel Vigelands Museum er ei oppleving i seg sjølv med si dunkle framtoning, sterke og eksplisitte freskar, og ein helt spesiell akustikk.

Fredag 18. oktober 2019 blir det to konsertar i Emanuel Vigelands Museum, med samtale og plate- og jubileumsfeiring etterpå. Innspelinga av albumet «Tomba sonora» er gjort i kringlydformat (surround sound) av Lindberg Lyd, og blir gjeve ut på plateselskapet 2L. Lindberg Lyd og 2L er kjend for sine unike innspelingar i kringlydformatet, noko dei har blitt nominert 34 gonger til Grammy for.

Stemmeklang er eit stadspesifikt prosjekt for Emanuel Vigelands Museum i Oslo. Rommet sin etterklang på rundt 10-17 sekund står sentralt i måten verka er blitt utvikla, like eins som rommet sine eigenfrekvensar og overtonane frå desse som blir brukt aktivt i det musikalske materialet. Plassering av vokalistane og retninga på lyden har vore eitt av dei romlege verkemidla som blir brukt for å skapa ulike former for effektar av rørsle.

Utøvarar: Kristin Bolstad, Karoline Dahl Gullberg, Linnéa Sundfær Haug, Julie Kleive og Gabrielle Sørensen.

FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD