Laster Hendelser

Kalender

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.
Start:
24. oktober @ 20:00
Slutt:
2. november @ 00:00
Nettsted
Sted:
Terminalen – Rokken – Teatret Vårt – Oceansound Studio
 
Volda - Ålesund - Molde - Giske
24. oktober 2018-2. november 2018

Natalie Sandtorv og Møremusikarane presenterer LARM og lyden av Møre og Romsdal

Med ein miks av electronica, progrock, jazz og folkemusikk, byr LARM på musikalsk nyskaping i Molde, Ålesund, Volda og Giske.

Sidan våren 2018 har Møremusikarane jobba med eit splitter nytt, orginalskrive musikkprosjekt i samarbeid med Ålesundsartisten Natalie Sandtorv. Prosjektet har fått namnet LARM, og søker å finne lyden av Møre og Romsdal.

Natalie er omtalt av Sunnmørsposten som «Sunnmøres Robyn», og var nyleg aktuell som opningsartist på Jugendfest. Der var ho i selskap med artistar som Sigrid, Alan Walker, MØ, Cezinando og Astrid S.

Jugendfestivalen skriv at ‘Natalie opererer i en støvete pop-verden med sterke bånd til artister som Lykke Li, Kanye West, og Solange. Musikken er en energisk, drømmende og suggererende’. Det engelske musikkmagasinet NME omtalar Natalie som ein artist å sjå opp for i 2018.

LARM-prosjektet involverer alle dei ni faste musikarane i Møremusikarordninga. Besetninga består av både klassisk og rytmisk skolerte musikarar, og måler difor med brei pensel når dei skal finne den musikalske identiteten til Møre og Romsdal. I musikken finn ein element av alt frå electronica, progrock, jazz og folkemusikk meisterleg sydd saman av Natalie Sandtorv og Møremusikarane.

Møremusikarane er Møre og Romsdal fylkeskommune si distriktsmusikarordning. Målet med ordninga er å vere med på å løfte fylket sitt musikkliv til nye høgder, ved å leige ut profesjonelle musikarar og gjennomføre prosjekt, som LARM.

Konsertdatoer:

24.10: Terminalen Byscene Ålesund
25.10: Studenthuset Rokken Volda
02.11: Teatret Vårt Molde
03.11: Oceansound Studio Giske